Heddaprisen 2022 for Beste regi og Beste mannlege skodespelar/medspelar.

Terningkast seks

«en stor begivenhet i norsk teater»

«Bravo! Eg trur eg har sett årets beste framsyning. Allereie.»

«Det er ein dag for glede, dette», seier fleire av karakterane i Arne Lygres nye stykke, anten dei trur på utsegna eller berre vonar at det er slik. Men alt har si tid i eit menneskeliv.

Tid for glede handlar om kven vi er for kvarandre og korleis vi oppfattar omgjevnadene våre. Om alt som er fint og alt som er vanskeleg i relasjonar, anten det er i kjærleiksforhold, mellom søsken, i det utfordrande foreldreskapet eller i venneflokken. Det handlar om oppbrot, einsemd, om å høyre til og å høyre saman. Denne moderne teksten gir eit nærbilete av det vi leiter etter, det vi mister, det vi elskar og det vi foraktar.

Med eit modig og klassisk kostymegrep løftar regissør Johannes Holmen Dahl Tid for glede inn i ei klassikarramme. Saman med sin faste scenograf Nia Damerell har han vald å pakke teksten inn i rokokkoens estetikk.

Lytt til Språkoppdraget og Arne Lygre

Terningkast seks

«et teaterløft av de sjeldne»

«Det tilhører sjeldenhetene at absolutt alt klaffer på en teaterscene»

Sterkt kunstnarleg lag

Husregissør Johannes Holmen Dahl har fått svært gode kritikkar i haust, sist på Det Norske Teatret, med Sterk vind av Jon Fosse. Denne gongen har han også med seg Nia Damerell som scenograf og kostymedesignar, Kristin Helgebostad som koreograf, Norunn Standal som lysdesignar og Alf Lund Gobolt som komponist. I tillegg har han plassert eit orgel på scenen som Peder Varkøy skal spele på. Holmen Dahl har tidlegare sett i scene fleire av Lygre sine tekstar, mellom anna den kritikarroste La deg være på Nationaltheatret (2016), men dette blir første gongen han set opp Lygre på Det Norske Teatret. Etter urpremieren på Det Norske Teatret, er det også planlagt eigne isenesetjingar av Tid for glede på Odeon Théâtre i Paris og på Dramaten i Stockholm hausten 2022.

«Den svåra konsten att beskriva glädje och lycka på en teaterscen blir i denna uppsättning till en kärleksförklaring till teaterkonsten. Kanske dramatiker Arne Lygres största triumf?»

Kjøp digitalt program for 30 kroner.

«Mesterlig forestilling om mennesker som tross alt vil hverandre godt»

Finn ut meir