Husfrue er den andre delen av romanverket om Kristin Lavransdotter, og vi møter Kristin og Erlend på storgarden Husaby. Kristin føder sju søner og forholdet til Erlend blir sett på sterke prøver.

Erlend viklar seg inn i eit politisk opprør som får alvorlege konsekvensar for han og familien. Dette er ei framsyning om slitet og stria i dagleglivet, om hell og uhell og tap av alt jordisk gods. Det er samstundes ei forteljing om tru og om håp – og om samlivsproblem som har menneskelege parallellar i vår eiga tid. Men mest av alt handlar Husfrue om kjærleik, både den mellom mann og kvinne og den mellom mor og barn og dotter og far.

Det kan vere fint med ein beinstrekk undervegs i framsyningane. Det er heilt i orden å gå ut og inn av salen utanom dei oppsette pausane, så lenge du tar omsyn til publikummarane rundt deg og skodespelarane som er på jobb på scenen.

Finn ut meir