Kransen
av Sigrid Undset
Kransen innleier storverket om Kristin Lavransdotter. I denne første historia blir ei av dei sterkaste kjærleiksskildringane i norsk litteratur måla ut.
Her får vi innblikk i Kristins oppvekst og ungdom. Ho er lova bort til Simon, sonen på nabogarden, men Kristin forelsker seg i den vakre og sjarmerande riddaren Erlend Nikolausson. Dei innleier eit lidenskapeleg forhold og Kristin set seg opp mot familiens vilje. Konflikten utløyser tankar hos foreldra rundt deira eige ekteskap, eit ekteskap tufta meir på fornuftstenking enn kjærleik. Kristin får til slutt viljen sin og giftar seg med Erlend. Da ber ho alt barnet hans.
Det kan vere fint med ein beinstrekk undervegs i framsyningane. Det er heilt i orden å gå ut og inn av salen utanom dei oppsette pausane, så lenge du tar omsyn til publikummarane rundt deg og skodespelarane som er på jobb på scenen.
Det blir nytta scenerøyk i framsyninga.