Ikkje ein lyd
av Arne Lygre
Om å vende tilbake, om å møte framande, om at det framande kan bli til noko kjent.
Kva skjedde?
Kvifor vart det sånn, no, så fort? Nokre gamle kjente som eg
ikkje har vore saman med på lenge, nokre nye vener som eg
aldri før har møtt, den beste systera mi og ein nesten ny
kjærast.
Korleis kan livet plutseleg bli ... så godt.
Rakel har vendt tilbake til øya der ho vaks opp. Det er nokre år sidan no. Ho kom frå Oslo der ho budde altfor lenge, ifølgje henne sjølv. No finn ho glede i at fleire gjer som henne.
I Arne Lygres siste stykke Ikkje ein lyd møter vi sju ulike menneske som bur på same øya. Fire har vendt tilbake til heimplassen etter å ha forlate staden og levd delar av vaksenlivet ute. To er nye i det vesle samfunnet, mens ein av dei aldri drog. Nokre har funne til øya for å kome unna livet dei hadde, andre for å finne tilbake til det som eingong var, det som dei kanskje har mista.Å vende tilbake
Lygre skriv ofte om menneske som forsvinn, eller søker seg bort. Denne gongen undersøker han kva som skjer når ein vender historia, og skriv om dei som kjem tilbake. Ikkje ein lyd handlar om det å vende tilbake til ein stad der ein før var ein annan, til eit liv nærare naturen, eller til stilla.Å høyre til
Alle karakterane i Ikkje ein lyd ber på eit ønske om å leve meir sannferdig, setje pris på det ein har, vere saman og kjenne på at dei er mindre einsame. Dei er ikkje lenger unge, og dei slit med ei oppleving av å mangle noko i livet. Dei treng å høyre til ein stad. Ein fellesskap. Finst den ute i havgapet, på øya, der den varme sommaren ikkje ser ut til å ha ein ende?
Arne Lygre
Arne Lygre (f. 1968) har gitt ut skodespel, romanar og noveller. Dei fjorten skodespela hans, til dømes Mann uten hensikt (2005), Ingenting av meg (2014) og I vårt sted (2024), er omsett til over tjue språk og spelt på teater over heile verda. Lygre har motteke den nasjonale Ibsenprisen for beste skodespel to gonger, og Heddaprisen for beste scenetekst to gonger. Stykket Tid for glede (2022) vart ei suksessframsyning på Det Norske Teatret med 30.000 selde billettar, og sidan då har stykket blitt sett opp i ni andre land. Han fekk Brageprisen for novellesamlinga Tid inne (2004), og romanane Et siste ansikt (2006) og Min døde mann (2009) vart også kritikarsuksessar.
Kjøp billett
Vel speledato for Ikkje ein lyd
-
Få billettar
-
Ledige billettar
-
Ledige billettar
-
Ledige billettar
-
Ledige billettar