Beste mannlege skodespelar (Preben Hodneland), beste mannlege medspelar (Frode Winther) og Årets framsyning

«På sitt beste er dette en ren teaterfest»

«Skuespillerne står for en bemerkelsesverdig kraftprestasjon»

På Scene 3 blir det laga teater under litt enklare forhold, med kortare prøvetid og mindre ressursar. Denne gongen har Kjersti Horn og teamet hennar forsøkt å tøye grensene for kva eit ensemble kan gjere i lag. Dette er ikkje heilt vanleg teater, her er kontakten mellom scene og sal fjerna og publikum blir med på hovudkarakterens ville flukt frå sine eigne handlingar via eit kamera. Dei vil sitte i salen og sjå dramaet spele seg ut på ein storskjerm, med moglegheit til å gå i baren og kjøpe seg drikke og snacks undervegs.

Da Raskolnikov entra Scene 3 hausten 2019 var publikum vitne til eit spesielt tett drama som likevel utspelte seg langt utanfor scenerommet. Gjennom 5 intense timar brukte ensemblet heile teaterhuset og bakgarden som scenografi til Raskolnikovs brott og påfølgjande kvalar. På slep var eit kamera, ensemblet veksla på å spele og filme og det heile blei vist på storskjermen inne på Scene 3. For første gong kunne ein kome tett på skodespelarane, kvar sveittedrope og mimikkendring var synleg, alle forflyttingar skjedde i sanntid, og inne i ulike rom og avdelingar i teaterbygget utspelte det seg både intime og meir breipensla situasjonar. Publikum sat i scenerommet og følgde dramaet med høg puls og aukande spenning. På Scene 3 var det rigga til med bar, snacks og høve for publikum å bryte opp visinga med eit glas i baren eller ein beinstrekk undervegs.

Humoren får fram alvoret

Ved å la skodespelarane spele framsyninga i teaterets gangar og smårom direkte på kamera, får publikum i salen komme tett på hovudpersonen si stadig meir angstfulle og paranoide jakt på sitt eige motiv for ugjerningane han har utført. - Det er eit heilt vanvettig opplegg eigentleg, eit heilt ubegripeleg samansurium av parykkar og leidningar og bartar og skjegg – eit kaos utan like. Det rare er at dette tullballet faktisk kler Dostojevskijs roman ganske godt, meiner regissør Kjersti Horn. Skodespelarane skal ikkje berre spele rollene sine, men dei skal også vere kamerateknikarar og syte for all annan teknikk bak kulissane. Det blir nesten litt dogme-aktig, det heile.

Framsyninga er eit samarbeid med Det Vestnorske Teateret.

All kamerateknikk, lyd og lys blir utført av ensemblet.

Baren vil vere open, og det blir selt snacks, brus og kaffi.

Hodneland er perfekt som "Rodja" (...) samspillet gnistrer

Filmgrepet gjør en mursteinsroman til nært komponert teater

Finn ut meir