Korset avsluttar historia om Kristin og Erlend og deres konfliktfylte samliv. Kristin blir nonne og blir tatt opp som leksøster i Rein kloster på Fosen. Endeleg finn ho fred og kan leggje bak seg den livslange strida med Gud, som vart innleia da ho trassa foreldra sine som ung jente.

Ein ny skremmande pest bryt ut, og Kristin prøver i sine siste levedagar å hjelpe menneska rundt seg. Denne gode gjerninga gjer ho for å sone for syndene ho meinar å ha begått i livet, og for å søke tilgjeving hos Gud. Til sist blir også Kristin smitta, og på dødsleiet ser ho samanhengen mellom det jordiske livet og forholdet til Gud. Teiknet ser ho som avtrykket etter gifteringen og under denne, som eit lite riss etter Jomfru Marias heilage namneteikn, bokstaven M. Pakta som Gud hadde halde ho i, kjærleiken som var aust over henne og som trass i eigenviljen hadde blitt i henne, gjer at Kristin ved livets slutt veit at ho heile vegen var eigd av den herren som no kjem for å hente henne.

Det kan vere fint med ein beinstrekk undervegs i framsyningane. Det er heilt i orden å gå ut og inn av salen utanom dei oppsette pausane, så lenge du tar omsyn til publikummarane rundt deg og skodespelarane som er på jobb på scenen.

Det blir nytta scenerøyk i framsyninga.

Sjå dei andre delane i trilogien om Kristin Lavransdotter:

Sjå alle tre delane på ein dag!

Showpakker (hotell + billett)

Finn ut meir