Fossefestivalen er ein arena for dramatikk som er skrive etter Jon Fosses dramatikardebut i 1994. Festivalen skal romme både internasjonale gjestespel og eigne produksjonar, samt eit fagprogram som tar sikte på å utforske dramatikken frå ulike perspektiv. Kva er dramatikk? Korleis spelar det litterære forelegget saman med dei andre kunstartane som til saman utgjer ei teaterframsyning?

Alt frå debuten med romanen Raudt. Svart. i 1983 markerte Jon Fosse seg som ei særmerkt røyst i norsk litteratur. I dag er han ein av våre aller viktigaste forfattarar og dramatikarar og har, særleg i dei siste åra, vunne stadig større popularitet i den norske bokheimen. Kva var det nye Fosse stod for i norsk litteratur og dramatikk? Korleis påverkar han nye og kommande generasjonar forfattarar?

Festivalen er arrangert av Det Norske Teatret og Det Norske Samlaget

Framsyningar

Lansering av siste band i Jon Fosses Septologien: Eit nytt namn

Tid: 3. september kl. 10.00
Stad: Bikuben, gratis inngang

Lansering med opplesing og musikk.
Fosses storverk Septologien er sett saman av dei tre bøkene Det andre namnet, Eg er ein annan og Eit nytt namn. Dei to fyrste bøkene har hausta glitrande kritikkar både nasjonalt og internasjonalt, og er selde til ei rekkje land.

Kjøp billett

Kva er det med Septologien? Korleis les norske kritikarar Jon Fosses Septologien?

Tid: 3. september kl. 17.00
Stad: Bikuben, gratis inngang

Fosse har sjølv uttalt at verket kan lesast som ein dødsaugneblink. Andre har peika på autofiksjonen, at bøkene er eit svar på den sjølvbiografiske tendensen i samtidslitteraturen, andre igjen har vore opptatt av den religiøse dimensjonen.

Samtaleleiar: Cecilie Seiness. Panel: Knut Hoem (NRK) og Margunn Vikingstad (Morgenbladet) med fleire.

Kjøp billett

Opning av Fossefestivalen

Tid: 3. september kl. 18.30
Stad: Bikuben

Vi inviterer til storstilt opning av Den internasjonale Fossefestivalen på Det Norske Teatret.

Kjøp billett

Oresteia

Tid: 3. september kl. 19.00
Stad: Hovudscenen

Kor går grensa for menneskas ansvar?

Oresteia

Tid: 4. september kl. 14.00
Stad: Hovudscenen

Kor går grensa for menneskas ansvar?

Kjøp billett

Sterk vind (Utseld)

Tid: 4. september kl. 17.30
Stad: Scene 2

Jon Fosse er tilbake med eit nytt skodespel. Han er attende no, nett som før, eller kanskje er alt også annleis? Eller har han i det heile vore borte?

Den internasjonale Fossefestivalen Linda Eides: Fosse for dumskallar Med Linda Eide, Sjur Hjeltnes og gjestar

Tid: 4. september kl. 18.00
Stad: Midtgolvet

Det blir eit live-show med forteljingar, anekdotar og underhaldande analysar av Jon Fosse. Kva er forholdet hans til komma, komle og bilkøyring? Kva er hans personlege favoritthistorie?

Denne hendinga er tilgjengeleg som direktestrøyming.

Kjøp billett

Gud i Fosses forfattarskap

Tid: 5. september kl. 15.00
Stad: Bikuben, gratis inngang

Det religiøse gjennomsyrer både livet og diktinga til Jon Fosse. Då Fosse byrja på 80-talet kjendes det uakseptabelt å ha med Gud i litteraturen. Men i dag er samtidslitteraturen ein annan stad. Er Fosses Gud annleis i dag enn då han starta? Og kva har skjedd med norsk samtidslitteratur undervegs?

Panel: Tom Egil Hverven (Klassekampen), Kari Veiteberg (biskop), Alf van der Hagen.

Kjøp billett

Sov ikkje

Tid: 5. september kl. 17.00
Stad: Scene 3

Kva skjer med oss når vi ikkje får sove? Scenograf og dramatikar Mari Hesjedal undersøkjer ei dramatisk form som blandar element frå poetisk draumspel med krim.

Den Internasjonale Fossefestivalen Eg er vinden / Ik ben de wind Gjestespel frå Belgia

Tid: 6. og 7. september
Stad: Scene 3

av Jon Fosse. Gjestespel frå tg STAN og Maatschappij Discordia.

Kjøp billett

Sterk vind

Tid: 7. september kl. 19.30
Stad: Scene 2

Jon Fosse er tilbake med eit nytt skodespel. Han er attende no, nett som før, eller kanskje er alt også annleis? Eller har han i det heile vore borte?

Kjøp billett

Den Internasjonale Fossefestivalen Nokon kjem til å kome Gjestespel frå Hellas

Tid: 7. og 8. september
Stad: Hovudscenen

Av Jon Fosse. Gjestespel frå Stavros Niarchos Foundation Cultural Center S.A. (SNFCC), Athen.

Kjøp billett

Sterk vind

Tid: 8. september kl. 19.30

Jon Fosse er tilbake med eit nytt skodespel. Han er attende no, nett som før, eller kanskje er alt også annleis? Eller har han i det heile vore borte?

Kjøp billett

Sov ikkje

Tid: 8. september kl. 20.30
Stad: Scene 3

Kva skjer med oss når vi ikkje får sove? Scenograf og dramatikar Mari Hesjedal undersøkjer ei dramatisk form som blandar element frå poetisk draumspel med krim.

Kjøp billett

Hundegalskap

Tid: 9. september kl. 17.30
Stad: Bikuben, gratis inngang

Hunden speler ei heilt sentral rolle i Jon Fosses forfattarskap. Under koronaen har nordmenn fått hundegalskap. Kva betyr hunden i liva våre? Ein uhøgtideleg og lett litterær samtale om kjærleiken til hunden og firbeinte i litteraturen.

Kjøp billett

Oresteia

Tid: 9. september kl. 19.00
Stad: Hovudscenen

Kor går grensa for menneskas ansvar?

Kjøp billett

Språkoppdraget Eit snakkeshow på Scene 3

Tid: 9. september kl. 19.30
Stad: Scene 3

I Språkoppdraget skal vi forske i språk, prate om språk og finne meininga med språk. Med aktuelle gjestar og boblande språkundring borrar programleiarane Erlend Tårnesvik Dreiås og Inger Johanne Sæterbakk i aktuelle språkspørsmål.

Kjøp billett

Den internasjonale Fossefestivalen Trilogien Regi: Luk Perceval

Huslause og svevnlause vandrar den høggravide Alida og barnefaren Asle rundt i det regntunge Bjørgvin. Dei har måtta forlate heimbygda, og no er tida for at ho skal føde komen, men ingen vil gje dei husrom. I desperasjon tyr det unge paret til drastiske løysingar, som dei seinare blir stilte til ansvar for.

Kjøp billett

Den internasjonale Fossefestivalen Ro mitt hav Av Jon Fosse. Med Anne Marit Jacobsen

Tid: 12. september kl. 14.00
Stad: Bikuben

Ro mitt hav med skodespelar Anne Marit Jacobsen og musikar Sinikka Langeland er ei varm og humoristisk framsyning basert på tekstane til Jon Fosse.

Kjøp billett

Oresteia

Tid: 12. september kl. 16.00
Stad: Hovudscenen

Kor går grensa for menneskas ansvar?

Kjøp billett