Velkommen til DRAGONBLOOD - ei sjangeroverskridande framsyning og festival frå ei spelinspirert fantasiverd der drakar, fear, magikarar og gjesteartistar frå heile verda inviterer deg med på ei oppslukande og emosjonell reise.

Kvar kveld på DRAGONBLOOD består av fantasy-’operaen’ DRAGONBLOOD med skodespelarar frå Det Norske Teatret.
Deretter blir det konsert med gjesteartistar frå heile verda.
Det er ein pause i framsyninga, og ein pause før konsert med gjesteartistane.

Med ein miks av klubbkultur, rollespel, opera, popkonsert, spådomskunst og historieforteljing, er DRAGONBLOOD ei natt fylt med sverdkamp, digitale balladar, magiske eliksirar, falne englar og ein motiverande drake som er blitt framkalt.

Forteljarfellesskapet frå Det Norske Teatret slår seg saman for å bere vidare sogene frå den eldgamle legenda om DRAGONBLOOD.

DRAGONBLOOD er ein portal inn i ei anna tid. Ein feberdraum.
Når du går derifrå, vil du ikkje lenger vere den same.

INFORMASJON TIL PUBLIKUM
Tilrådd frå 15 år pga. simulering av sex, nakenheit og vald. Det blir også brukt scenerøyk, strobelys og høg støy i framsyninga.
SPRÅK Nynorsk og engelsk

- Ver deg sjølv!

Only Slime er resultatet av at to nerdar frå ulike kontinent fann kvarandre og bestemte seg for å starte eit band. No samplar dei alt av populærkultur og lagar teater i lag på Scene 3.

Les meir

DRAGONBLOOD er ein samproduksjon mellom Det Norske Teatret, Ultima Oslo Contemporary Music Festival, Mashat, Karmaklubb, DIFF og ONLY SLIME.

Produksjonen er støtta av Kulturrådet, Fond for Lyd og Bilde og EUs kulturprogram Kreativ Europa som en del av ULYSSES.

Kjøp billett

Vel speledato for Dragonblood

Finn ut meir