«Faysa Idle forteller sin historie på sterkt og ærlig vis»

«En sällsynt angelägen bok i vår tid, om vår tid. Det är en seger i sig, närmast ett mirakel, att hon kunnat skriva den efter det hon upplevt och utsatts för»

Basert på ei sann historie frå søstera til Sveriges farlegaste gjengleiar.

Viss det ikkje er trygt heime eller der ute, kor går ein då? Ord for blod er ei sann historie, ein innsiderapport frå veslesøstera til den farlegaste gjengleiaren i Sverige. Det er ei sår og ærleg forteljing om å vere menneske og kvinne og hamne midt i eit dødeleg gjengoppgjer – i ei verd der vaksne ikkje er til stades.

Faysas nærmaste vennar og familiemedlemmer står på kvar si side i gjengkrigen. Ho har ikke lenger oversikt over kor mange ho har mista. No fortel ho historia si.

Riksteatret og Det Norske Teatret lagar teater av Faysa Idles brennaktuelle bok Ett ord för blod, som kom ut i 2023. Historia hennar vedkjem oss alle, uavhengig av kven vi er eller kor vi bur. Kanskje kan Faysas forteljing opne for samtalar om korleis vi kan skape eit samfunn der vi tar betre vare på kvarandre?

INFORMASJON TIL PUBLIKUM
Det blir røykt urtesigarettar i framsyninga. Det blir også nytta lydeffektar som simulerer skot.

Framsyninga er ein samproduksjon mellom Det Norske Teatret og Riksteatret, og får urpremiere på Riksteatret i Nydalen 7. september 2025.
Framsyninga er ein del av Den internasjonale Fossefestivalen 2025, og vil få turnépremiere på Rommen Scene under festivalen den 11. september.

Sjå full speleplan for turne hos Riksteatret her.

Faysa Idle:

- Eg lever med to ulike tystnadskulturar, seier forfattaren bak boka Ett ord för blod til journalist Åsa Lindeborg.

Les meir

Møt: Nokokure Dahl

Nokokure er ganske fersk i rolla som skodespelar, men har alt vore å sjå i TV-ruta i til dømes Pørni, Føkkings Fladseth og Blodsbrødre. I haust gler ho seg til å reise Noreg rundt i ein buss og gi eit innanfrå-perspektiv frå dei svenske gjengkrigane, medan ho snakkar nynorsk med Oslo-sosiolekt!

Learn More

Få mest ut av festivalen:

Kjøp billett

Vel speledato for Ord for blod

Finn ut meir