
"I ein alder av litt over tjue hadde eg skifta for- og etternamn, endra andletet mitt, gått gjennom fleire operasjonar, funne opp ein ny måte å bevege meg på, å gå på, å snakke på, og kvitta meg med den nord-franske dialekta frå barndommen."
Édouard Louis
I romanen Forandre seg: metode tar forfattar Édouard Louis opp tråden frå den første romanen sin, Farvel til Eddy Belleguelle. Han reflekterer over livsprosjektet sitt med å skape seg om, å bli ein annan og å fjerne seg frå opphavet . Kjersti Horn har no dramatisert romanen og har med seg Vetle Bergan på scenen.
Louis skildrar den ekstreme klassereisa han har gjort, frå oppveksten blant dei fattigaste klassane i ein familie prega av arbeidsløyse, alkoholisme, vald og undertrykking via middelklassen i ein provinsby, til dei intellektuelle miljøa i Paris og den franske og internasjonale overklassa. Å flykte frå sin eigen skjebne krev ein innsats og vilje som få har klart med same handlekraft som Louis. Han er nådelaus i utleveringa av seg sjølv, familien og omgjevnadene sine. Å vilje hemne seg på fortida er ein sterk motor i skrivinga hans, men meir enn det er det eit frigjeringsprosjekt. Likevel kjem det med ein kostnad.
Louis spør seg sjølv;
Er eg dømt til alltid å håpe på eit anna liv?
Eg skriv fordi eg trur eg nokre gonger angrar, nokre gonger angrar på at eg har fjerna meg frå fortida, nokre gonger er eg ikkje sikker på at innsatsen har tent til noko. Nokre gonger tenker eg at heile denne kampen har vore bortkasta, og at eg, ved å flykte, har kjempa for ei lykke eg aldri har oppnådd.
Kjersti Horn og Édouard Louis
Kjersti Horn har regi på dette stykket, slik ho har hatt på alle oppsetjingane av Édouard Louis ved Det Norske Teatret. Det starta med urpremieren på teaterversjonen av Farvel til Eddy Belleguelle, som blei sett opp på utestaden Jaeger før det fann vegen til Scene 3 i 2016. Sidan har ho tatt Valdens historie, Kven drap far min? og Ei kvinnes kampar og forvandlingar til scenen.
Festivalprofil: Édouard Louis
Kjøp billett
Vel speledato for Forandre seg: Metode
-
Ledige billettar
-
Ledige billettar
-
Ledige billettar
-
Ledige billettar
-
Ledige billettar