
Sider - smaken
av Hardanger
Sider - smaken
av Hardanger
Rundtur i Hardanger – sidersmaking med Thomas Digervold.
Mellom steile fjell og smellvakre fjordar har Noregs største sidereventyr vakse fram.
Hardanger; det er nettopp dette landskapet, gardar og jorde som klamrar seg fast i bratte fjellsider, og eit heilt spesielt klima, som gjer Hardanger ideelt for epledyrking. Lange vintrar og korte somrar med langstrekte, solfylte sommardagargir eple som er breiddfulle av syre, sukker og akkurat passeleg bittersmak. Av desse blir det laga sider med ein heilt karakteristisk smak: Sider frå Hardanger! Bli med på sidersmaking.
Smak på nokre av dei beste sidrane i Noreg, lær deg om dei ulike typane sider som finst og bli siderfrelst! Du treng ingen forkunnskapar, berre nysgjerrigheit.
Thomas Digervold er ein av dei første pommelierane (sidersommelier) i Noreg, står bak Fest i Kjeften og boka Den store norske siderguiden på Samlaget.
Aldersgrense 20 år.