Skodespelet - ein rykande fersk tekst av nobelprisvinnar Jon Fosse er klar for scenen under Den internasjonale Fossefestivalen! Denne teksten er nokså annleis enn mange av dei andre stykka Jon Fosse har skrive, og bryt med både forventningar og klisjear.

Vi møter eit vaksent og eit yngre par som står på kaia og ventar på ein båt. Når båten kjem veit dei ikkje, dei veit berre at han kjem, og at dei har billettar. Dei ventar. Men dei har ikkje venta lenge før ein liten trupp med skodespelarar uventa dukkar opp.

Skodespelarane tilbyr dei ventande eit teaterstykke for å korte ventetida. Og dei ventande takkar ja. For ingen kan dra med denne båten utan først å sjå skodespelarane syne fram Skodespelet.

Sterk kunstnarleg duo

Det er andre gongen regissør Johannes Holmen Dahl og scenograf Nia Damerell set ein tekst av Jon Fosse i scene på Det Norske Teatret. Sist var det Sterk vind, som fekk fantastiske kritikkar. Det er knytt store forventningar til eit nytt stykke frå forfattaren si hand, så det er med ærefrykt dei to går laus på arbeidet.

Kjøp billett

Vel speledato for Skodespelet

Finn ut meir