«Bak hver karakter aner du en hel verden»

Den påtroppande teatersjefen for Schauspiel Köln, Kay Voges, har regien på denne noko grøssaraktige versjonen av Namnet.

Ei ung jente kjem heim til familien for første gong på lenge. Ho er høggravid, og med seg har ho den framtidige faren til barnet.

Heime er det meste ved det same.
Mora til Jenta er sjuk, faren gir Jenta pengar, søstera hennar leitar stadig etter nokon å spele kort med – men ingen i familien spør om namnet på kjærasten til Jenta, som sit i hjørnet og les bøker.
Det skjer: Ingenting.
Nesten ingenting. Tilsynelatande ingenting. For det er stille.

Stilla

Jon Fosse er ein magikar med stilla. Med Namnet skildrar han ei familiegjenforeining som verkar oppsiktsvekkande ubetydeleg, og lar publikum tolke sjølve. Fosse skapar musikk av stille, ein rytme av stille og korthogde setningar. Frå vill og enkel poesi oppstår eit nesten uendeleg rom for tankar, undring og tvil, som regissør Kay Voges bringer til scenen.

Gjennom stilla oppstår eit tolkingsrom der vi blir merksame på våre eigne erfaringar og liv. Kvar og ein av oss kan oppleve kriser og søke etter meining – etter kva det faktisk vil seie å leve.

Kommunikasjon i nære relasjonar

I ei tid da kommunikasjon aldri har vore enklare, uansett avstand, er Jon Fosses blikk på mellommenneskeleg kommunikasjon eit tankekors. Korleis går utvekslinga med personen rett framfor oss under medieforholda i vår samtid? Alle snakkar med kvarandre – men forstår dei kvarandre? Kosmos blir mindre og mindre, men er alle i det aleine likevel? Til slutt handlar det om døden. Å finne håp i fortviling – det kan vere ein måte å sjå framover på.

Regissør og påtroppande teatersjef ved Schauspiel Köln, Kay Voges. Foto: Marcel Urlaub

Regissør Kay Voges

Kay Voges er eit stort namn innan europeisk teater. Han har sett opp framsyningar innan både opera og teater sidan 1998, ved mellom andre Burgtheater Wien, Staatsoper Hannover, Schauspiel Frankfurt og Staatsschauspiel Dresden. Han er kjent for å eit teateruttrykk som rører seg mot skjæringspunktet mellom teater, video og bildekunst. Han går også sterkt musikalsk til verks, anten ved å integrere musikk, eller ved å sjå teaterstykkket som eit stykke musikk, som med Namnet av Jon Fosse. Han har mottatt ei rad prisar for teaterframsyningane sine, og vore teatersjef ved Schauspiel Dortmund (2010-2020). Denne framsyninga blei utvikla medan han var teatersjef ved Volkstheater Wien, der han har vore kunstnarleg leiar sidan 2021. Namnet kjem til Noreg som gjestespel frå Schauspiel Köln, der han tek over som teatersjef i løpet av året.

MED Birgit Unterweger, Thomas Dannemann, Fabian Reichenbach, Jonas Dumke, Rebekka Biener

INFORMASJON TIL PUBLIKUM Det blir nytta strobelys i framsyninga.

Kjøp billett

Vel speledato for Der name / Namnet (DE)

Finn ut meir