
Antigone in de Amazon (BE) Antigone in de Amazon (BE)
Dette er ein politisk versjon av Antigone for det 21. hundreåret, skapt av den sveitsiske regissøren Milo Rau i lag med urfolk, aktivistar og skodespelarar frå Brasil og Europa.
Kvart minutt forsvinn eit areal skog tilsvarande ein fotballbane i Amazonas. Også i den brasilianske delstaten Pará brenn urskogane. Kapitalistiske, private selskap som skapar monokulturar for å dyrke soyabønner slukar naturen bit for bit. Hit drog Milo Rau og teamet hans for å skape teaterframsyninga Antigone in de Amazon, inspirert av Sofokles´ nesten 2500 år gamle tragedie Antigone. På eit okkupert stykke land, i samarbeid med MST (Movimento dos Trabalhadores Sem Terra), verdas største rørsle for landlause arbeidarar, laga dei eit allegorisk skodespel om dei valdelege øydeleggjingane forårsaka av den moderne staten, som set privat eigedom over den tradisjonelle retten til land.
Framsyninga er siste del av Milo Rau og teamets hans sin Trilogy of Ancient Myths, som også består av Orestes in Mosul frå den tidlegare hovudstaden i Den islamske staten og Jesus-filmen The New Gospel frå dei sør-italienske flyktningleirane.

Regissør Milo Rau
Milo Rau er eit stjernenamn innan europeisk teater. Han har vore teatersjef ved NTGent og frå 2023 kunstnarleg leiar for Wiener Festwochen. Rau sitt kunstsyn er at kunst ikkje handlar om å skildre verda, men å endre henne. Gjennom iscenesetjingar av politiske spel og maktkampar i ulik form, peikar han på strukturelle samfunnsproblem.
Rau har gjesta tonegivande festivalar som Berliner Theatertreffen, Festival d`Avignon og la Biennale di Venezia. Han er omtalt som både den “mest innflytelsesrike“ , “mest skandaløse” og “mest ambisiøse” europeiske regissøren i Die Zeit, The Guardian og i New York Times.
Med Rau på festivalprogrammet blir Det Norske Teatret institusjonen som for første gong presenterer Rau for eit norsk publikum.
INFORMASJON TIL PUBLIKUM Vi gjer merksam på at framsyninga framstiller vald, mord og sjølvmord.
SPRÅK Engelsk, portugisisk og nederlandsk. Teksta til engelsk.
GJESTESPEL Milo Rau / MST & NtGent (Belgia)
PÅ SCENEN Frederico Araujo, Pablo Casella, Sara De Bosschere, Arne De Tremerie/Mil Sinaeve
PÅ SKJERM Kay Sara, Gracinha Donato, Célia Maracajà, kor av militante demonstrantar frå Movimento dos Trabalhadores Rurais sem Terra (MST) og som Teiresias Ailton Krenak
TOPPFOTO Nelson Almeida/AFP
Les meir
Teaterprogram
Les meir om korleis teaterframsyninga blei til og om kampen folket i Brasil fører mot myndigheitene og dei store selskapa som vil utnytte naturressursane. (Engelsk)
Les herKjøp billett
Vel speledato for Antigone in de Amazon (BE)
-
Ledige billettar
-
Ledige billettar