Qui a tué mon père / Kven drap far min
av og med Édouard Louis

Édouard Louis står for første gong på scenen sjølv i den gripande monologen om sin eigen far.
Gjennom hele barndomen håpa eg du ville forsvinne.
Dette skreiv Édouard Louis om sin eigen far. Men i romans form har han forsøkt å forstå faren, kvifor han var blitt slik han var.
Louis har heile livet kjent avsky for den valdelege, alkoholiserte, høgreorienterte faren. Dei homofobiske utbrudda hans traumatiserte han for livet, og dei vonde minna ligg djupt i Édouard Louis. Men når den franske forfattaren i romanen Kven drap far min? konfronterer sin no alvorleg sjuke far, blir sinnet til medkjensle:
Du kan ikkje lenger sette deg bak rattet, får ikkje lenger drikke, kan ikkje lenger dusje utan hjelp, uten at det utgjer ein enorm risiko. Du er litt over femti. Du tilhøyrer akkurat den kategorien menneske som politikken har sett for seg ein for tidleg død for.
Frå gjerningsmann til offer
Den han såg på som ein gjerningsmann har blitt eit offer. Hangen til vald ser no ut til å vere meir ein konsekvens av kontinuerleg audmjuking og sosial brutalitet. Ved å bruke den øydelagde kroppen til sin far som utgangspunkt, foretar Louis ei trassig omskriving av Frankrikes nyare politiske og sosiale historie. Det er ein kronikk om eit pågående drap, om ei medviten lemlesting som følge av nyliberale «reformar» og den brutale konsekvensen av desse for arbeidarane, som er tvungne til å oppleve dette på kroppen. Ein polemisk og opprørsk brosjyre mot gløymsle, ekskludering og fysisk vald i eit klassesamfunn – og samtidig ei intim kjærleikserklæring til ein person det nesten er umogleg å elske.

Regissør Thomas Ostermeier
Regissøren for framsyninga er mellom dei mest ettertrakta regissørane innan Europeisk teater dei siste tjue åra; Thomas Ostermeier. Framsyningane hans turnerer over store delar av verda, og han har mottatt ei rad prisar for arbeidet sitt. Den gjevaste mellom desse, er kanskje The Golden Lion under Venezia-biennalen for heile kunstnarskapen sin.
Ostermeier starta regikarrieren ved Die Baracke ved Deutsches Theater, der han var kunstnarleg leiar frå 1996-1999. Her utvikla han interesse for det som framleis er kjennemerket hans; kapitalist-realisme. Dette er teater som tvingar publikum til å sjå den skitne verkelegheita som det brutale kapitalistiske systemet forårsakar, og som kritiserer samfunnsverdiane våre.
Sidan 1999 har Ostermeier vore husregissør og del av den kunstnarlege leiinga ved Schaubühne Berlin.
Qui a tué mon père / (Kven drap far min? er produsert av Schaubühne Berlin og Théâtre de la Ville Paris.
Støtta av The Senate Department for Culture and Europe, Berlin.
Kjøp billett
Vel speledato for Qui a tué mon père / Kven drap far min
-
Ledige billettar
-
Ledige billettar