Endeleg kjem ein ny romanserie frå nobelprisvinnaren! Romanen Vaim er den første boka Jon Fosse gir ut etter han fekk Nobelprisen i litteratur i 2023, og blir lansert i samband med opninga av DIFF 2025.

5. september 2025 kl. 18.00-18.45
På Midtgolvet, foajeen på Det Norske Teatret

Jatgeir frå Vaim reiser med snekka Eline til Bjørgvin. Underleg nok får han med seg heim sin ungdoms kjærleik Eline som rømer frå mannen Frank. Vaim er ei forteljing om Eline, Jatgeir og Frank, snekker og sjarkar, kjærleik og død, føyelege menn og ei uvanleg viljesterk dame. Vaim er fyrste av tre romanar knytte til den oppdikta staden Vaim.

Musikk ved Eir Vatn Strøm
Lesing ved Anderz Eide
Introduksjon og miniføredrag ved Jon Fosses redaktør, Cecilie Seiness

Signerte bøker for sal.

Arrangementet er gratis, men du må hente deg ut ein billett her: https://www.detnorsketeatret.no/framsyningar/jonfosse_vaim

men eg kan vel ikkje be Eline koma om bord i båten no nattestid, gift kone ho er og alt
Kan eg få koma om bord i båten, seier Eline
Ja, ver velkomen, seier eg