Terningkast seks

«Belgisk regissør lagar eit underverk av Jon Fosse»

«...intenst og spektakulært og inviterer til eit mangfald av tolkingar.»

Terningkast fem

«Sensuelt og intenst, og med døden lurende mellom linjene.»

Opplev Jon Fosses klassikar på ein måte du aldri har gjort før.

Ein mann og ei kvinne møtest tilfeldig. To som ikkje skulle møtast, møter kvarandre, og dei endar opp på hotellrommet hans.

Farleg kjærleik

Vinter (2000) av Jon Fosse er skrive for ein mann og ei kvinne. Regissør Lisaboa Houbrechts ønskjer å undersøke spørsmål kring temaet kjønnsidentitet, og har valt skodespelarane Kyrre Hellum, Tani Dibasey og Carl Martin Eggesbø til rollene. Det handlar om å finne sin plass, om å bli akseptert, og det skjøre forholdet mellom «eg»-et og «dei andre».

Denne versjonen av Vinter vil vise gleda, men også frykta og sorga det å våge å elske bringar. Framsyninga anerkjenner alle som er i faresona, truga eller drepne på grunn av kven dei er og kven dei elskar.

Internasjonalt kunstnarleg lag

På scenen vil ulike kunstdisiplinar og nasjonalitetar smelte saman. Den belgiske komponisten Bert Cools blandar litauisk kormusikk og folkloristiske tradisjonar med moderne elektronika. Scenografien er ved franske Clémence Bezat, medan den malisk-belgiske motedesignaren Oumar Dicko står for kostyma og nederlandske Floriaan Ganzevoort skal lyssetje det heile.

Kjøp billett

Vel speledato for Vinter

Finn ut meir