Fossefestivalen er ein arena for dramatikk som er skrive etter Jon Fosses dramatikardebut i 1994. Festivalen skal romme både internasjonale gjestespel og eigne produksjonar, samt eit fagprogram som tar sikte på å utforske dramatikken frå ulike perspektiv. Kva er dramatikk? Korleis spelar det litterære forelegget saman med dei andre kunstartane som til saman utgjer ei teaterframsyning?

Alt frå debuten med romanen Raudt. Svart. i 1983 markerte Jon Fosse seg som ei særmerkt røyst i norsk litteratur. I dag er han ein av våre aller viktigaste forfattarar og dramatikarar og har, særleg i dei siste åra, vunne stadig større popularitet i den norske bokheimen. Kva var det nye Fosse stod for i norsk litteratur og dramatikk? Korleis påverkar han nye og kommande generasjonar forfattarar?

Festivalen er arrangert av Det Norske Teatret og Det Norske Samlaget.