«Olje og vatn har blitt en visuelt mektig fabel om
menneskenes grådighet og selvutslettelse i lys av oljeleting og klimakrise»

«Gudegitt natur møter olje i et slående visuelt
landskap på teaterscenen»

Klassekampen

Olje og vatn er viktige komponentar i alle moderne menneske sine liv. Der det eine er forbunde med liv og sunnheit, som ein føresetnad og eit vilkår, blir det andre fort knytt til forureining, profitt, grådigheit og naturkatastrofar. Olje og vatn kan ikkje blandast, dei vil skilje seg. Menneskets jag etter livsgrunnlag og utvikling er avhengig av tilgang til begge naturressursane. Kva skjer når vi menneske begynner å tukle med naturen?

Menneska er kasta ut av paradiset. No kjempar dei for å skape eit nytt. På oljefeltet Paradise Hill er arbeidet i gang. Blir det lys?

Oljebasseng på scenen

Regissør Mina Salehpour har arbeidd fram stykket i lag med skodespelarane. På Scene 2 vil verder oppstå og forsvinne, for så å stå opp att, og publikum blir tatt med på ei stor reise. Eit visuelt slåande scenebilde av Andrea Wagner beståande av eit basseng av svart granulat fyller heile speleplassen og er lyssett av Kyrre Heldal Karlsen. Her vil skodespelarane bade, dykke og grave seg ned, i kostyme av Maria Anderski og til episk musikk og lydlandskap signert komponisten Sandro Tajouri. Tekstane er inspirerte av bibelske tekstar og evangelium, i tillegg til Upton Sinclairs roman OIL! frå 1927.

Finn ut meir