Moby Dick
av Herman Melville

Ei historie om menneskas kamp mot naturen, om dødeleg overmot og usannsynlege vennskap.
«Kall meg Ismael. Støtt når eg får eit bistert drag om munnen, når det er rå og regnvåt november i sjela, særleg når tungsinnet får slikt overtak at berre ei sterk moralsk ryggrad hindrar at eg med vitende og vilje går ut på gata og systematisk kakkar hatten av hovudet på folk. – Då er det på høg tid å komme seg til sjøs!»
Vi blir med Ismael ut i ei stinkande og blodig kvalfangstskute, under kommandoen til den mystiske kaptein Akab. Det viser seg raskt at Akab er besett av berre ein ting: å hemne seg på den kvite kvalen Moby Dick, som ein gong beit av henne det eine beinet. Mannskapet blir dratt med i Akabs frenetiske jakt på den berykta kvite kvalen.
Framsyninga er inspirert av Antú Romero Nunes’ oppsetjing av Moby Dick ved Thalia Theater i Hamburg som hadde premiere 6. september 2013.
«Oppsetningen av Moby Dick er en hyllest til teatrets evne til å skape storslåtte illusjoner»
Eventyrleg reise
Moby Dick har inspirert tallause forfattarar, og har blitt brukt som ein popkulturell, mytisk referanse i filmar og bøker over heile verda. No kjem kvalen endeleg til Hovudscenen. Regissør Johannes Holmen Dahl og scenograf Nia Damerell har tidlegare gjort suksess på Det Norske Teatret med mellom anna Tid for glede. No er det nok ein gong dei som står bak regi og scenografi når den legendariske romanen av Herman Melville blir teater. Vi lovar gugge, vind og storm i Holmen Dahls reinskorne regi. Bli med på ei eventyrleg reise på havet, og opplev den myteomspunne klassikaren Moby Dick - eit drama av gigantiske proporsjonar.