««MomA» lister seg dermed inn i to av vår tids mest brennbare kunstdebatter: Identitetspolitikken og virkelighetskunsten. Ja, hvem har rett på historien?»

«Med skuespillere som evner å nå igjennom uten store fakter, og med et spill så tilforlatelig at du føler deg som flue på veggen til noe som virkelig finner sted, suges vi inn i et univers og en følelse av hjemløshet, som man kan kjenne på i livets overganger»

"Det som utspiller seg på scenen mellom aktørene har en nesten thrilleraktig kvalitet, regissert på en lydhør, musikalsk måte."

Sigrun er ein prisløna dramatikar som har eit solid kunstnarskap bak seg, men som no manglar arbeid. Ein kveld oppsøkjer ho Makena; ei jente ho tok vare på, og sørga for, i mange år.

Makena driv no sitt eige teater med stor suksess, og Sigrun er overtydd om at den unge kvinna kan hjelpe henne ut av arbeidsløysa. Det kan ho også. Problemet er berre at dei to ikkje er heilt einige om kva reglar som gjeld. Eller kven som bestemmer.

MomA er ei historie om kor lykkeleg ein kan bli av å kjenne seg uunnverleg, og kor smertefullt det kan vere å sleppe taket.

Makena:
Du kan ikkje jobbe her.

Sigrun:
Eg har sagt opp leilegheita mi, og satsa alt på å få til dette.

Makena:
Men kan det ikkje av og til vere okei med ein pause?

Sigrun:
Frå kva da?

«Det er duket for et skikkelig godt, og skikkelig trist, familiedrama.»

Prosjektet er støtta av Kulturrådet og Bergesenstiftelsen.
Prosjektet er utvikla ved Dramatikkens hus.

Finn ut meir