«Jonas Corell Petersen vet å utnytte et hvert øyeblikk til å både fremheve og skape nye absurde øyeblikk i teaterteksten»

«Fyller et øde landskap med mening»

«Regissör Jonas Corell Petersen öppnar upp Elfriede Jelineks olika betydelselager i en underhållande och musikaliskt rik tolkning av Schuberts «Winterreise» på Det Norske Teatret. Den kan starkt anbefallas»

Jonas Corell Petersen er ein regissør med godt handlag med dei meir underfundige og skrudde teatertekstane. No har han tatt for seg den austerrikske nobelprisvinnaren Elfriede Jelineks tekst Vinterreise, som for første gong blir sett opp i Noreg. Her blandar regissøren moderne teateruttrykk og absurde utfall med Franz Schuberts romantiske songsyklus med same namn.

Jelineks Vinterreise er ein tekstvev med eit utal referansar, og blir rekna som ein av Jelineks mest personlege tekstar. I denne filosofiske og musikalske ordkaskaden er det ekko frå 1800-talspoeten Wilhem Müllers diktsyklus Vinterreise, udøyeleggjort gjennom Schuberts tonesetjing. Her følger vi ein vandrar gjennom eit vinterlandskap medan han samanliknar kjenslelivet sitt med dei majestetiske bileta i naturen. Tekstane herfrå kommenterer handlinga i iscenesetjinga gjennom Paul Åge Johannesen sine framføringar av songsyklusen til Schubert på tysk.

Isolasjon og tid

Ein annan referanse er den austerrikske jenta Natascha Kampusch, som blei bortført og halden i fangenskap frå ho var ti til ho blei 18 år, og mediestormen som følgde. Jelinek si eiga familiehistorie er også sentral, mellom anna forholdet til den demente faren, som enda isolert på ein institusjon. Teksten ber også preg av Jelinek si eiga lesing av filosofen Martin Heideggers verk Væren og tid, gjennom refleksjonar over tidas tyding for eksistensen vår.

Tankestraum

Gjennom denne straumen-av-bevisstheit-teksten ønskjer Jonas Corell Petersen å seie noko om mellommenneskelege relasjonar. Kan ein verkeleg snakke saman og bli forstått? Kan ein nå inn til eit anna menneske? Korleis vere del av ein fellesskap?

«Det er godt og fornøyelig spilt»

Frå juruens grunngjeving, Nobelprisen i litteratur

Nobelpriset i litteratur år 2004 tilldelas den österrikiska författaren Elfriede Jelinek ”för hennes musikaliska flöde av röster och motröster i romaner och dramer som med enastående språklig lidelse blottar de sociala klichéernas absurditet och tvingande makt”.

Finn ut meir