I 2026 er det 15 år sidan terroråtaket mot regjeringskvartalet og AUFs sommerleir på Utøya. Mange av dei som vart råka var rundt 15 år. Kven var dei som drog til Utøya? Kva var dei opptekne av? Og kva er 15-åringar opptekne av i dag?

Politisk engasjert ungdom

Regissør Tatu Hämaläinen og dramaturg Ingrid Weme Nilsen har saman med dramatikar Kathrine Nedrejord snakka med overlevande og etterletne etter terroråtaket. Dei har undersøkt kva som motiverte ungdommane til å dra på politisk sommarleir. Og ikkje minst har dei snakka med politisk engasjert ungdom av i dag, på tvers av partigrensene, og stilt mange av dei same spørsmåla: Kva er du opptatt av? Kva engasjerer deg? Kva for saker er dei viktigaste for deg?

Norsk samtidshistorie

Ungdomane og dei unge vaksne fortel historier om engasjement, glede, samhald, håp, fest, forelsking, bading og solnedgang. Tett følgt av historier om frykt, liing, sinne, smerte og sorg.

Til saman har alle desse røystene blitt til ei brokete og samansett gjengiving av ein intens periode av norsk samtidshistorie.

Bli med på leir

I denne framsyninga blir de inviterte til ein leir der fellesskap og dugnad står i sentrum. Saman skal vi bygge leiren. Og saman skal vi skape ei historie.

Kjøp billett

Vel speledato for 15 år

Finn ut meir