Bakgrunnsartikkel

Våren 2025

Endeleg skal verda få vite kva Kjersti Horn byr på i sin første sesong som teatersjef!

Hovudscenen på Det Norske Teatret våren 2025.

Hovudscenen

Vårsesongen startar blodig med framsyninga Lady Macbeth som får premiere 18. januar. Gjestespelet Jordmor på jorda basert på boka av Edvard Hoem, kan du oppleve frå 21. januar. I mars er det duka for politikk og ESC i skjønn foreining, når verdas viktigaste songkonkurranse, Europavisjonar, inntek Hovudscenen! Eit heilt nytt stykke av Arne Lygre får premiere i april. Ikkje ein lyd har Johannes Holmen Dahl i registolen. I mai kan du oppleve den kritikarroste framsyninga Arv og miljø basert på boka av Vigdis Hjorth.

Scene 2 på Det Norske Teatret våren 2025.

Scene 2

Musikalen Once opnar vårsesongen på Scene 2. Den handlar om musikkens kraft i møtet mellom to kvardagsmenneske, og får noregspremiere 1. februar. Berre ei veke seinare blir det premiere på Forbrytar og straff basert på boka av Kathrine Nedrejord. 28. februar kjem den rå oppvekstskildringa Da vi var yngre til Scene 2. Det blir med Aksel Hennie på regi. I mars får vi KI-teater, når det er premiere på Prosessen mot menneska med Peer Perez Øian på regi.

Scene 3 på Det Norske Teatret heile 2025.

Scene 3

I 2025 overtek Tani Dibasey og kunstnarduoen Only Slime heile Scene 3. Det blir ein serie framsyningar, konsertar, klubbar og ville happenings. Billettslepp er 1. desember. GET EXCITED!

Foajeen på Det Norske Teatret våren 2025.

Foajeen

For dei aller minste barna blir det også teater, når Unni og Gunni målar kjem til foajeen. Velkommen til ei sanseleg teateroppleving.