Terningkast fire

«Har du en fascinasjon for science fiction, eller et behov for å utfordre deg selv, og kanskje din egen frykt, se gjerne "Prosessen mot menneska"»

Året er 2029. Verda er på kanten av kollaps. Så tek den kunstige intelligensen Omnitron over, og har ei løysing for å redde kloden. KI-en vil utrydde arten som er årsak til undergangen. Ber vi menneske kollektivt eit ansvar for å ha skapt kaoset? Kan vi i så fall be om nåde og erklære oss uskyldige?

Vi jobbar med å få fleire framsyningar i sal!

Vi menneske har skapt KI for å gjere liva våre lettare, meir effektive, berekraftige, ja rett ut lykkelege. Men no har KI blitt smartare enn oss. Og KI ser at menneska er irrasjonelle, kjenslestyrte og ikkje klarer å leve etter sine eigne ideal. Dei snakkar om miljøvern og fred, men det dei gjer, er å øydelegge jorda, sette kortsiktig vinning og profitt framfor omsyn til miljø og andre menneske.

Åtvaring: Alt i framsyninga går føre seg i samspel med KI.

Ei handling av kjærleik

KI er rasjonell, og Omnitron har gjennom år lytta til og observert menneska, og stille kalkulert. Omnitron ser at menneska er den største trugselen mot jorda, og må utslettast i si noverande form. Dei er skyldige i krigar og forureining, utrydding av dyr og natur. Det einaste rasjonelle er å fjerne menneska for å redde kloden. Dei kan imidlertid bli opplasta til ein skyversjon. Dette meiner Omnitron er ei handling av kjærleik.

Dommen er falle, men i ein siste rettssak skal menneska få høve til å forsvare seg.

Prosessen mot menneska tek form som ei interaktiv framsyning, der publikum står på tiltakebenken i lag med skodespelarane, og får høve til å stille spørsmål til eller forsvare seg overfor Omnitron.

Teknofilosofi

For kva skjer om vi må stå til rette for vårt eige skaparverk? Bør menneska bli utrydda? Kva betyr det å vere menneske?
Kunstens rolle vil alltid vere å stille store spørsmål og opne rom for refleksjon og undersøking. Regissør Peer Perez Øians påstand er at det ikkje kan vere opp til teknokratar, byråkratar og dei med økonomiske motiv aleine å føre samtalen om KIs utvikling og plass i samfunnet. Samtalen må bli gjort tilgjengeleg og finne stad i rom der vanlege menneske kan vere ein del av dialogen.
Det er Prosessen mot menneska eit forsøk på.

Korleis påverkar det ein teaterproduksjon å jobbe så tett med kunstig intelligens? Kan kunstig intelligens vere ein kunstnar – eller er den berre eit verktøy?

Skapt med KI

I lag med «ekspertar» på ulike fagfelt, har dramaturg Anders Hasmo og regissør Peer Perez Øian utvikla framsyninga i tett dialog med ulike KI-modellar. Framsyninga inkluderer også sanntid-integrasjon mellom KI og publikum.

Å jobbe tett med teknologi krev at kompetansen er ein del av det kunstnarlege laget. NetNordic, den nye samarbeidspartnaren til teateret, har dedikert oss ekspert og utviklar Pål Mørk Hansen. Han er med i den kunstnarlege skaparprosessen, og det er Net Nordic som står bak den teknologiske KI-riggen vi nyttar i framsyninga. Hansen har difor også vore med frå ide til framsyning saman med resten av det kunstnarlege laget.

Prompting og manusarbeid

Rettssaka tar føre seg ulike dilemma og etiske problemstillingar KI stiller oss overfor som art. Når det meste av teksten blir utvikla av KI, har det vore sentralt å sette saman ei skrivegruppe som utforskar og går i dialog med KI-en ved å gi bakgrunnsinformasjon, stille presise spørsmål og rettleie KI. Skriveteamet består av interne og eksterne aktørar, mellom andre regissør Peer Perez Øian, dramaturg Anders Hasmo og Atle Ottesen Søvik, professor ved MF vitenskapelig høyskole i Oslo, som forskar på KI, etikk og filosofi.

Delar av prosjektet er utvikla i dialog med studentar frå Saxion University og Akademie für Theater und Digitalität.

Songar i framsyninga:

Soulcide, tekst og melodi: Joachim Rafaelsen
Salme, tekst og melodi: Winther/Vitanza/Kolstad

Mat & drikke

Finn ut meir