Frå og med 2025 er Kjersti Horn Det Norske Teatrets Teatersjef. Ho er tydelig på at ho ønskjer at teateret skal vere ein engasjerande arena for både refleksjon og debatt.
Ver klar til å la deg bli utfordra!
Det opnar blodig når Lady Macbeth startar ballet på Hovudscenen.
Historia om den unge ladyen som er fanga i eit ekteskap med ein mykje eldre mann, er eit fengslande portrett av ei undertrykt kvinne som blir brutal. Nikolaj Leskov si forteljing frå 1865 er kanskje ikkje så kjent, men filmatiseringa frå 2016 fekk strålande mottaking og hanka inn ein drøss med prisar. Dette er ei heilt ny dramatisering - og regissør Melanie Mederlind lovar ei sterk forteljing om sex, død og makt.
Hoems slektskrønike held fram med Jordmor på jorda
Fem år etter suksessen med Slåttekar i himmelen, kjem Teatret Vårt på gjesting frå Molde med ei ny framsyning i slektskrønika til Edvard Hoem. I Jordmor på jorda møter vi Hoem si eiga tippoldemor, den første jordmora i Romsdal, som forlet mann og barn for å følge kallet sitt. Ut ifrå få historiske fakta har forfattaren måla fram eit levande bilde av livet i bygdene ved Romsdalsfjorden med stor diktarleg kraft. Måten han skriv om fortida på, gjer at det kjennest som at det angår oss alle.
Jordmor på jorda er eit livsdrama og eit mektig kvinneportrett om husmannsdottera som nekta å bøye seg for bygdesnakket.
GET EXCITED - følg med på Scene 3 i 2025!
Tani Dibasey er teaterrabulisten som har gitt fingeren til teater-Noreg og likevel laga nokre av framsyningane som har fått mest merksemd dei seinare åra. No skal han i lag med den grensesprengande multikunstnarduoen Only Slime ta over programmeringa på Scene 3 i eit heilt år. Det vil boble over av konsertar, happeningar og teater i ulike sjangrar. Fellesnemnaren er at du ikkje heilt veit kva du får. På Scene 3 vil grensene mellom fiksjon og verkelegheit, tilskodarar og deltakarar, realisme og simulasjon bli viska ut.
Ei kjærleikshistorie med musikk
Våren på Scene 2 opnar med musikalen Once. Den hadde premiere på Broadway i New York i 2012, og vann heile 8 Tony Award-prisar, blant dei prisen for beste musikal. Den jordnære historia og den upolerte musikken blir framført live på scenen av skodespelarane sjølve. Musikalen har blitt gjendikta av Frida Ånnevik, og på scenen står mellom andre eit nytt fjes på Det Norske Teatret, Kim Helge Strømmen, og Ina Svenningdal.
Med imponerende litterær kontroll og med klokskap snarere enn skånsomhet, med vrede snarere enn selvransakende forbehold, skriver Nedrejord frem sitt anklageskrift.
Eit sinne, ei smerte,
ein tørst etter hemn
Romanen Forbryter og straff av Kathrine Nedrejord, blei nominert til Nordisk Råds litteraturpris da den kom ut. No blir romanen teater. Dette er ei djupt personleg og samtidig universell forteljing om kvinners liv, og om korleis kvinner blir oppfostra i redsle og må bere andres skuld på skuldrene sine, ifølge regissøren Julia Marko-Nord. På scenen står skodespelar Kirsti Refseth.
Ei intens og rå oppvekstskildring
Berre 19 år gammal gav Oliver Lovrenski ut romanen Da vi var yngre, som skildra eit Oslo og eit ungdomsmiljø mange ikkje hadde kjennskap til frå før. Når forteljinga no kjem til scenen, blir det også debuten til to austkantgutar. Skodespelar Aksel Hennie debuterer som teaterregissør, og rappar Jonas Benyoub debuterer som skodespelar.
Europavisjonar:
Den viktigaste songkonkurransen
i historia!
I 2023 skapte Simen Formo Hay og Oda Radoor stor begeistring med Døden på Oslo S på Økernsenteret. I vår skal dei, saman med Johan Hveem Maurud, skape Eurovision-entusiasme på Hovudscenen på Det Norske Teatret. I Europavisjonar koplar dei Europas nyare historie opp mot Eurovision Song Contest i ein songkonkurranse med skarp politisk brodd, der humor og djupt alvor går opp i ei høgare eining.
Åtvaring: Alt i framsyninga går føre seg i samspel med KI
Maskinens natur er å vere rasjonell. Men kva skjer når robotens rasjonalitet møter den menneskelege irrasjonaliteten? Velkommen inn i eit altomfattande digitalt univers der vi undersøker innsida av maskinen, og draumen om verda utanfor. Framsyninga tek form av ei rettssak, der publikum står på tiltalebenken, og må forsvare seg mot ein kunstig intellingens.
Nytt skodespel av Arne Lygre
Arne Lygre hadde vanvittig suksess med framsyninga Tid for glede på Hovudscenen i 2022. Det siste året har I vårt sted blitt hylla av både publikum og kritikarar på Nationaltheatret. No er Lygre tilbake med ein ny tekst på Hovudscenen. Ikkje ein lyd handlar om det å vende tilbake til ein stad der ein før var ein annan, til eit liv nærare naturen, eller til stilla.
Regien er også denne gongen ved Johannes Holmen Dahl.
Kritikarrost framsyning av Vigdis Hjorths roman
Vigdis Hjorths omdiskuterte roman sette fyr på debatten om såkalla verkelegheitslitteratur da den kom ut i 2016. I 2018 blei forteljinga dramatisert på Den Nationale Scene i Bergen, i regi av Kjersti Horn. Framsyninga fekk fantastiske kritikkar, og blei nominert til Heddaprisen både for Årets framsyning og Beste regi. Endeleg kan publikum på Austlandet oppleve framsyninga når den får nypremiere med Kjersti Elvik i spissen for eit nytt ensemble.
Alle lykkelege familiar liknar kvarandre, kvar ulykkelege familie er ulykkelege på sin eigen måte. - Leo Tolstoj
Teater for dei alle minste
Unni og Gunni er to gode venner som bur saman i ein iglo. Dei er veldig glade i kvarandre. Unni og Gunni likar godt forandring, og no synest dei det er på tide å friske opp litt. Derfor finn dei fram målarkostar og fargar, og forvandlar den kvite igloen til ein vakker regnboge.
Vil du sjå det heile ein gong til?