Lady Macbeth Lady Macbeth
fritt etter Nikolaj Leskov
To elskarar
Fire mord
Ein katt
Lady Macbeth er ei historie om sex, død og makt, men kanskje aller mest om lidenskap. Den unge ladyen Katerina kjedar seg i eit kjærleikslaust ekteskap med ein mykje eldre mann. Ho lengtar tilbake til barndommens fridom, da ho sprang berrføtt rundt og flørta med gutane. No sit ho inne i stram kjole og glor trist ut av vindauget.
Men når mannen reiser vekk, er det som Katarina vaknar opp. Sakte begynner ho å ta føre seg av det livet har å by på. Men samstundes blir sterke, destruktive krefter slopne laus.
Opprørar?
Nikolaj Leskov var journalist og historieforteljar/forfattar, kjend for folkeeventyra og dei sterke karakterskildringane sine. I den mest kjente forteljinga han skreiv, Lady Macbeth frå 1865, hentar Leskov inspirasjon frå ein shakespearsk arketyp og plasserer henne i eit strengt, moraliserande samfunn. Vår regissør Melanie Mederlind, som også har laga manuset, har tatt utgangspunkt i Leskovs novelle, men ho har óg late seg inspirere frå fleire hald, som Shakespeares manus. Melanie har pløgd seg sin eigen veg gjennom alle desse inspirasjonskjeldene, og har skapt eit fascinerande og spennande univers, der menneskets mest dyriske krefter får fritt spelerom.
Musikken som er brukt i framsyninga er ved Soap&Skin. Siste låta heiter "What’s Up?".

Når naturen blir sett fri
- Ho er ei som forsøksvis blir bunden fast og gjort fin. Det er klart det bygger seg opp eit trykk inne i den dama, seier Julie Moe Sandø, som spelar tittelrolla i Lady Macbeth.
Les meir
Sergej, Bestemora og Aksinja
Lady Macbeth er eit intenst drama om klasse, kjønn og rasisme. Det er fleire karakterar som ønsker å bryte ut av strukturane i kvardagen, men med ulike motiv. Her møter du tre av dei.
Les meirEit kjolefengsel
Store kjolar, kontrastar og skamlaus sjangerblanding er noko av det som kjenneteiknar kostyma til Alva Walderhaug Brosten. No har ho designa eit kjolefengsel til Lady Macbeth.
Les meirHoem meiner at det er ei sanseleg forteljing, og at det ikkje er tilfeldig at Lady Macbeth fra Mtensk blir teater. Lytt til første episode av Leselaget med Edvard Hoem!
Digitalt program

Møt skogkatten Ken
- Vi har med oss katten Ken på scenen, og ser fram til å arbeide med han. Han er ei stjerne, fortel regissør Melanie Mederlind.
Les meir