Terningkast fem

«Sandals tilstedeværelse er imponerende. Hun bærer forestillingen, godt hjulpet av et meget solid ensemble.»

«Jordmor på jorda er eit særs velspelt monument over jordmoryrket, og samstundes eit illustrerande stykke norgeshistorie.»

Fem år etter suksessen med Slåttekar i himmelen, kjem Teatret Vårt på gjesting med ei ny framsyning i slektskrønika til Edvard Hoem. I Jordmor på jorda møter vi den første jordmora i Romsdal, som betalte ein høg pris for å utøve kallet sitt.

Edvard Hoems tippoldemor, Marta Kristine Nesje, gjekk i 1821 den lange vegen frå Romsdal til Christiania for å bli jordmor, medan tre barn og mannen hennar, Hans Nesje, venta på henne heime. Etter ni månader på jordmorskule gjekk ho heim igjen, og var i livets teneste i meir enn femti år. Teatret Vårt hadde stor suksess med Jordmor på jorda hausten 2024. Både kritikarar og publikum gav strålande tilbakemeldingar, og framsyninga spelte for fulle hus både i Molde og på turné i Møre og Romsdal. No kjem endeleg framsyninga til Oslo.

Forfattar Edvard Hoem er med i podkasten Leselaget. Der snakkar han om Nikolaj Leskovs kortroman Lady Macbeth fra Mtensk, og om Jordmor på jorda.

Stort livsdrama

Ut ifrå få historiske fakta skriv Edvard Hoem fram livet i bygdene ved Romsdalsfjorden med stor diktarleg kraft. Jordmor på jorda er eit livsdrama og eit mektig kvinneportrett om husmannsdottera som nekta å bøye seg for bygdesnakket. Ei historie om kvinnesak og likestilling femti år før det vart ei politisk kampsak. I sentrum står jordmoras kamp mot skepsis og overtru, den stadige aukande ungeflokken hennar og den traumatiserte ektemannen.

Slektskrønike

Marta Kristine og Hans Nesje er opphavet til den store etterslekta vi møtte i suksessframsyninga Slåttekar i himmelen, som Det Norske Teatret tok til scenen i lag med Teatret Vårt i 2020. Marta Kristine visste kven ho var. Ho stod støtt både når mistrua mot henne som jordmor var sterk, og då mannen fekk utfordringar som var for store for han å bere. Livet hennar som jordmor er ein nær del av kulturhistoria vår.

Jordmor på jorda er ikkje berre ei framsyning om framveksten av det viktige jordmoryrket, men òg ei påminning om at lykka og tragedien bur nær kvarandre, og at den store kjærleiken kan bli ei tyngande bør.

MUSIKK I OPPTAK
Musikken er tatt opp av Jo Ranheim, Øra studio i Trondheim

Musikarar i studioopptak: Cello Marit Aspås Klaver og harmonium Henning Sommerro

Samtale med Edvard Hoem om tippoldemor hans, som i 1821 gjekk til fots til Oslo for å studere jordmoryrket. Marta Kristine rodde sjølv båten rundt i Romsdalen, og tok imot rundt 1000 barn.

Finn ut meir