Nominert Heddaprisen for Beste hovudrolle og Beste teaterframsyning for ungdom.

Terningkast seks

«en brutalt god forestilling»

Terningkast fem

«en sensasjon også på teaterscenen»

Oliver Lovrenski brakdebuterte med romanen Da vi var yngre i 2023. No kjem boka til scenen i Aksel Hennies regi og med Jonas Benyoub i hovudrolla.

Eit samla kritikarkorps hylla Da vi var yngre da boka kom i 2023. Berre 19 år gammal gav Oliver Lovrenski ei skildring av Oslo og eit ungdomsmiljø mange ikkje hadde kjennskap til frå før. Lovrenski blei omtala som ein slags speeda Ivar Aasen, som samla og leika seg med gatespråket.

Da vi var yngre er ei rå forteljing frå gatelivet på Grønland, der ungdom frå TikTok-generasjonen skaffar seg kjappe flus ved å selje næs.

Rå oppvekstskildring

Hovudpersonen er Ivor. Han veks opp for raskt og saknar det han aldri har hatt. Med seg har han kompisane Marco og Jonas. Dei har ikkje så mange andre, men dei har kvarandre. Og det er ikkje skolen, men byen og gata de vil eige. Synd da at junkien på hjørnet seier til dei: Du kanskje elsker gata, men den aldri skal elske deg.

Da vi var yngre er ei forteljing om vennskap, jenter, sorg, rus og om å overleve i dagens Oslo. Det er eit sjeldan innblikk inn i eit røft miljø, og ei intens og rå oppvekstskildring, fortalt med varme og humor.

Alt klaffer og det klaffer hardt... 10/10

Forfattar Oliver Lovrenski. Foto: Jarli Jordan/Aschehoug.

Kritikarrost roman

Oliver Lovrenski debuterte med Da vi var yngre i 2023. Same år blei han nominert til Brageprisen og vann Bokhandlerprisen, som den yngste nokon sinne. Han har også mottatt Aschehougs debutantpris og Oslo bys kunstnarpris. Romanen er selt til fleire land.

Ny norsk

Språket speler ein sentral rolle i denne forteljinga; eit kroatisk-somalisk-norsk fyrverkeri, skreiv NRK: «Som ein slags speeda Ivar Aasen samlar Oliver Lovrenski, fødd i 2003, opp orda frå gata og stappar dei ned i den litterære skreppa si. Før han drysser dei ut i avsnitt, som er akkurat lange nok til å fange merksemda til TikTok-generasjonen.»

INFORMASJON TIL PUBLIKUM
Det blir nytta stobelys, scenerøyk, urtesigarettar og høg lyd i framsyninga.
Framsyninga er tilrådd frå 13 år.

Benyoub nailer rollen

Låtar i Da vi var yngre

Her er eit oversyn over titlar og kven som står bak musikken i framsyninga.

Les meir

Jonas Benyoub brakdebuterer som skodespelar i Da vi var yngre. Han har truverd som Ivor, masse scenesjarm og han er kjempegod til å fortelje.

Kombinere teaterbesøket med ein middag eller eit glas etter framsyninga?

Kjøp billett

Vel speledato for Da vi var yngre

Finn ut meir