Portrett av Sara Khorami

Sara Khorami

(f. 1987, Bærum) er utdanna skodespelar ved Det multinorske (2012-2015) ved Nord Universitet/Det Norske Teatret, og har frå 2019 vore fast tilsett skodespelar ved Det Norske Teatret.

Ho har vore knytt til Det Norske Teatret sidan ho blei ferdig utdanna skodespelar, og har m.a. hatt store roller i Herr Marmelade (2016), tittelrolla i Antigone (2018), Solveig i Peer Gynt (2018) og tittelrolla i den kritikarroste åtte timar lange teaterversjonen av trilogien Kristin Lavransdotter (2022). For denne prestasjonen blei ho heidra med Heddaprisen for Beste kvinnelege skodespelar.

Sara Khorami fekk mykje merksemd og vann Gullruten for Beste birolle for rolla som Aida Salim i TV2-serien Heksejakt (2020). Ho har også hatt store roller i t.d. Viaplayserien Made in Oslo (2022) og NRK-serien Etterglød (2022).

Ho har også vore med i fleire filmar, som Jeg er din (2013), Hva vil folk si (2017), hadde rolla som Mina i Full dekning (2022) og som Maria i Ingenting å le av (2021), som ho vann Amandaprisen for Beste kvinnelege birolle for. I 2025 er ho igjen filmaktuell med hovudrolla i Kraken.

Aktuell med

Portrett av Ikkje ein lyd

Ikkje ein lyd

Søndag/ 06. apr. 2025/ 16:00
Rolle
Kjøp billett

Tidlegare framsyningar

2024 Moby Dick Starbuck
2022 Kristin  Lavransdotter Kristin
2022 Kransen Kristin
2022 Husfrue Kristin
2022 Korset Kristin
2019 Den knuste krukka Eva
2018 HyPer i Egypt Mamma, mfl.
2018 Antigone Antigone
2018 Peer Gynt Solveig
2017 Det har visst vore ein episode
2017 Herostratos
2017 Songfuglen Veslejenta, vakt
2016 åstaddikting