Velkommen til Kit Kat Club – staden der du kan leggje problema og skuffelsane dine ved inngangsdøra og kaste deg ut i den livsnytande og hemningslause natta. Her inne er livet vakkert, jentene er vakre, ja, til og med orkesteret er vakkert.

Vi er i Berlin, tilbake på 30-talet, i ei brytningstid der byen både har ei forlokkande tiltrekkingskraft samstundes som den politiske einsrettinga får fotfeste. Kontrastane er store mellom det frigjorte kunstnarmiljøet og samfunnet elles. Til denne hovudstaden kjem amerikanaren Cliff Bradshaw. Den unge forfattaren blir straks dregen inn i byens heftige natteliv. Her møter og forelskar han seg i Cabaret-songerinna Sally Bowles.

Der ingenting er tabu

Kit Kat Klub er ein lurvete og sveitt nattklubb, der takhøgda er stor og du kan vere den du ønskjer. Ein fristad frå det dystre politiske bakteppet som breier seg på utsida. Sydande liv, eggande rytmar og høg toleranse blir motsvaret til fascismen og det etterkvart så taktfaste ropet på ein sterk leiar. Men verdas undergang er enno ikkje her, og sjølv om den politiske verkelegheita kryp nærmare blir det fest på nattklubben Kit Kat Klub der ingen ting er tabu.

Den store musikalsatsinga hausten 2026

Kjersti Horn har regien på haustens musikalsatsing og saman med sin faste scenograf Sven Haraldsson og Patricia Svajer på maske- og kostymedesign skal ho ta oss med tilbake til 30-talets hippaste hovudstad. På scenen er det spent opp fleire storskjermar, og handlinga i musikalen vil spele seg ut i fleire tidsriktige miljø som blir bygde på teateret. Det blir nære spelescenar som skal projiserast til lerretet, men også storslegne musikalnummer og sveitt nattklubbstemning på teatrets Hovudscene. Dansar Silas Henriksen er koreograf for eit stort ensemble av dansarar, og i spissen for underhaldninga på Kit Kat Klub finn vi Sara Khorami i rolla som Sally Bowles. Preben Hodneland er klubbens Emcee, og musikalsk ansvarleg er Svenn Erik Kristoffersen. Oscar Udbye er lysdesignar.

Musikalen Cabaret hadde premiere på Broadway på 60-talet, og har vist seg å ha ei kraft som gjer den like potent, underhaldande og skremmande no som gjennom heile etterkrigstida.

Kjøp billett

Vel speledato for Cabaret

Finn ut meir