Portrett av Tiril Heide-Steen

Tiril Heide-Steen

har jobba som skodespelar, songar og stemmeskodespelar sidan ho var barn.

Ho har vore knytt til fleire scenar i landet, i tillegg til at ho har vore del av ensemblet i sommarteateret ved Kruttårnteatret i Stavern i 6 år. Ved Det Norske Teatret har ho m.a. vore med i Robert Wilsons Edda, Halve Kongeriket, Tenk Om, Faens Nisse, Charlie og sjokoladefabrikken, Lazarus og Tryllefløyta. Ho er ein mykje brukt stemmeskodespelar i teiknefilm, og har også hatt stemmeregi. Stemmeroller i utval: Disneys faste Tingeling, Twilight Sparkle i My Little Pony, Marshall i Paw Patrol og Prinsesse Party Kitty i Lego-filmane. Som jazzsongar har ho opptredd ved store og små scenar i Noreg. For tida er debutalbumet, som består av jazz på norsk, under produksjon. I 2023 ga Tiril Heide-Steen ut EPen «Favorites» på Grappa Musikkforlag.

Aktuell våren 2024 som Anna i Frost og i ulike roller i Spynorsk. The Musical.

Aktuell med

Portrett av Spynorsk. The Musical

Spynorsk. The Musical

Torsdag/ 13. juni 2024/ 20:00
Rolle
Vinbyggar, Gamal, Dame med tjukk L, Misfornøgd, ensemble
Kjøp billett

Tidlegare framsyningar

2024 Nære relasjonar Benedikte
2023 Tryllefløyta Andre Dame
2023 Frost Anna
2019 Lazarus Teenage girl
2019-2020 Charlie og  sjokolade­fabrikken Violet Beuregarde mfl.
2017 Lesingar Edda - ei lesing
2017 Faens nisse! Maria
2016 Edda Gygra