Portrett av Benjamin Hiley

Benjamin Hiley

er utdanna frå Bårdar Akademiet (2018) og debuterte som skodespelar i Grease på Chateau Neuf.

Etter dette har han m.a. medverka i sommarshowet Summer Nights på Klubben i Tønsberg, hatt hovudrolla i Exit og Spring Up Musikal, som spelte på fleire scenar, mellom dei Operaen. Han debuterte som dansar i rolla som Danse-Peer i Peer Gynt på Karpedammen Scene (2019). Seinare har han medverka i West Side Story på Chateu Neuf, hatt tittelrolla i Veslefrikk med fela ved Hunderfossen Familiepark sin scene, medverka i Mamma Mia! på Folketeatret og Marispelet på Rjukan. Han har også jobba som songar på Garbos Dinner Show på Gran Canaria og Aida Cruises, og tek frilansoppdrag som songar gjennom produksjonsselskapet StarWorks.

Aktuell våren 2024 som Lakei i Frost og i ulike roller i Spynorsk. The Musical.

Aktuell med

Portrett av Spynorsk. The Musical

Spynorsk. The Musical

Torsdag/ 13. juni 2024/ 20:00
Rolle
Vinbyggar, Gamal, Onkel Blå, Misfornøgd, ensemble
Kjøp billett

Tidlegare framsyningar

2023 Frost Lakei, mfl.