Portrett av Hans Magnus Hildershavn Rye

Hans Magnus Hildershavn Rye

studerte ved Guildford School of Acting 2009-2012.

Etter å ha gjort ferdig utdanninga, budde og arbeidde han i Storbritannia i fem år. Der var han med i ei rekkje musikalar og teateroppsetjingar i tillegg til konsertturnear i Europa og som gjesteartist på fleire cruise. På Det Norske Teatret har han hatt roller i mellom anna i The Book of Mormon, han var Mike Teeave i Charlie og Sjokoladefabrikken og Zach i Lazarus. Dei seinare åra har han jobba ved Folketeateret, Den Nationale Scene i Bergen og Riksteatret, og blant anna spelt Ole i Reisen til Julestjernen og vore del av ensemblet i Matilda, Charles Guiteau i Assassins og Ask i Hør’a, Dagbok!. Hans Magnus Hildershavn Rye har også vore med i TV-seriar som Parterapi, YLVIS: Stories from Norway og Hvite gutter.

Aktuell våren 2024 i Biten av musikal.

Aktuell med

Portrett av Biten av musikal

Biten av musikal

Laurdag/ 15. juni 2024/ 15:00
Rolle
Kjøp billett

Tidlegare framsyningar

2024 Frost Kristoffer
2019 Lazarus Zach
2019-2020 Charlie og  sjokolade­fabrikken Mike Teavee m.fl.
2018 Nila og den store reisa Serdal
2017-2019 The Book of Mormon Ensemble 3