Portrett av Elise Berg-Hansen

Elise Berg-Hansen

er utdanna ved Bårdar Akademiet (2009-2013).

Ho har medverka i fleire musikalar. Ho hadde rolla som Kristine Urich i A Chorus Line på Chat Noir (2014), Patty i Grease på Chateau Neuf (2018), Kit Kat girl og understudy for tittelrolla i Sally Bowles i Cabaret ved Den Nationale Scene (2020/2021), Viola i Kaptein Sabeltanns verden i Dyreparken i Kristiansand (2019-2022), Ulvemor og koreograf i Jungelboken ved Fyllingsdalen Teater (2023) og Teenage girl i Heddanominerte Lazarus ved Den Nationale Scene (2022/2023). Hennar første rolle ved Det Norske Teatret, var som Papagena i Tryllefløyta (2023). I tillegg til å stå på musikalscenen har ho vore dansar og koreograf for dansegruppa «Show de Vida» (2014-2019). For tida er ho også dansar og koreograf for Åge Sten Nilsen.

Aktuell som Byfolk og Ballgjest i Frost.

Tidlegare framsyningar

2023 Tryllefløyta Papagena
2023 Frost Byfolk, ballgjest, mfl./Andre tenestejente