Frost er ei eventyrleg forteljing fylt av varme og magi. Men korleis blir denne teatermagien skapt? No kan du bli med inn på baksida og oppleve heile teatermaskineriet og vårt Arendelle på nært hald. Velkommen til spesialomvising til musikalen Frost!

Har du lurt på korleis ein skodespelar kan fly? Er det mogleg å lage snøstorm på ein teaterscene? Velkommen inn på den store Hovudscenen, der skodespelarar og musikarar gjer seg klare til framsyning. Korleis ser det ut nede i orkestergrava? Og kor sit eigentleg suffløren?

Bli med til verkstadane som lagar scenografi, rekvisittar, kostyme og parykkar! Tør du smake på teatersnø? Vil du sjå Elsas isblå kjole på nært hald? Da er dette omvisinga for deg!

Velkommen til ei spanande og innhaldsrik omvising for både barn og vaksne. Barn under 12 år må vere i følge med ein vaksen.
Vi gjer merksam på at billett til omvisinga ikkje inkluderer billett til framsyninga.

PS: Om du møter opp til omvisinga i Frost-kostyme, får du ein liten premie!

Bli med inn på baksida og sjå kor magien kjem til liv!

På sidescenen finn du kostyme, parykkar - og nokre horn?
På sidescenen finn du kostyme, parykkar - og nokre horn?
Teikningar har blitt til fantastiske kostyme på verkstadane.
Teikningar har blitt til fantastiske kostyme på verkstadane.
Scenografien får ein siste finpuss.
Scenografien får ein siste finpuss.