Portrett av Dovilė Martinkute

Dovilė Martinkute

fullførte BA i Musikkteaterer ved Høyskolen Kristiania i 2023.

Ho starta som barnevokalist i Litauen. Som tolvåring flytta ho til Noreg og dei siste åra har arbeidd profesjonelt som både skodespelar, dansar og vokalist. Ho har m.a. spelt Brooke i Legally Blonde på Stord Kulturhus, Chiffon i Little Shop Of Horrors på Ullensaker Kulturhus, vore del av ensemblet i Spring Awakening på Sentralen og hatt hovudrolla i Lik meg gjennom DUS på Det Nationale Scene i Bergen. Dovilė Martinkute har også vore aktiv ved Vestnorsk Jazzsenter og har eit eige jazzband på Stord. I tillegg har ho jobba danselærar innan hiphop på Stord, vore vokalist for Oslo kommune gjennom kultursommarjobb og vore underhaldningsvert og manager på DFDS cruise. Etter enda utdanning har ho turnert Noreg rundt med Skandinavias største underhaldningsselskap Wallmans.

Aktuell som byfolk, ballgjest mfl. i musikalen Frost våren 2024.

Tidlegare framsyningar

2023 Frost Byfolk, ballgjest, mfl.