Portrett av Sisi Sumbundu

Sisi Sumbundu

er artist innan sjangrane soul, R’n’B, jazz, gospel og rock i tillegg til skodespelar.

I 2011 gav ho ut singelen «Stay» i lag med Nosizwe Baqwa. Same året var ho med på å representere Noreg i Eurovision 2011 i lag med Stella Mwangi. Ho blei kjent for heile Noreg gjennom Stjernekamp på NRK året etter, og i 2014 kom debutalbumet «Don’t Fall In Love», som hausta strålande kritikkar. I 2021 gav ho, Maria Mena og Hkeem ut ein versjon av Hkeems låt «Ghettoparasitt», som blei ein hit gjennom Hver gang vi møtes på TV2. Som artist har ho elles samarbeidd med artistar som John Legend, Al Jarreau, Madcon, Vinni og Paperboys, Bernhoft, Admiral P, Lemaitre, Sondre Lerche, Arifog Alan Walker. Sidan 2017 har ho også jobba som skodespelar og stemmeskodespelar. Framsyningar i utval: Hair, Snøfall og Så som i himmelen ved Oslo Nye Teater og Sister Act på Chateau Neuf.


Aktuell som Dronning Idun i Frost.

Aktuell med

Portrett av Frost

Frost

Laurdag/ 09. mars 2024/ 14:30
Rolle
Dronning Idun, mfl.
Kjøp billett