Portrett av Lisa Birkenes Thun

Lisa Birkenes Thun

er utdanna skodespelar ved skodespelar-og sceneproduksjonlinja ved Høgskolen i Nord-Trøndelag (HiNT/ Nord Universitet).

Ho arbeider som skodespelar, dansar, musikar, slampoet og dramatikar, og har tatt del i ei rekkje teaterproduksjonar, spel, musikalske prosjekt, danseteater, film, dubbing og TV. Mellom anna har ho spelt Sol i Sol av Isfolket i regi av Fjellteatret og Inga fra Varteig i Birkebeinerspelet. Ho har vore med i framsyninga Isbilen av Don Martin produsert av SPKRBOX og Kloden Teater, og BLIKK av Mine Nilay Yalcin. I lag med Sofia Knudsen Estifanos driv ho Campingkompaniet, som i samarbeid med Det Norske Teatret produserte den kritikarroste framsyninga Risen som ikkje hadde noko hjarte på seg i 2022. Sist ho var på Det Norske Teatret, alternerte ho som Svein i Frost.

I tillegg til dette arbeider Lisa med prosjekt som utforskar sjangerkryssingar mellom folkemusikk, folkedans, hiphop, slampoesi og elektronisk musikk. Hausten 2024 er ho også aktuell med framsyninga FUCK IT - en sjukt norsk forestilling, som blei presentert i ein arbeidsversjon under SPKRBOX-festivalen 2022 på Det Norske Teatret.

Aktuell i Prinsessa som ingen kunne målbinde.

Tidlegare framsyningar

2024 Frost Svein, mfl.
2024 Prinsessa som ingen kunne målbinde
2021 Camping­kompaniet