Portrett av Mathias Luppichini

Mathias Luppichini

er utdanna innan musikkteater ved Bårdar Akademiet (2014).

Han debuterte i 2015 i Märtha: the Musikal på Latter, og har sidan jobba som skodespelar, musikar og tekstforfattar. Han har medverka i produksjonar som som Flashdance og Jersey Boys (begge på Chateu Neuf), Forelska i Shakespeare og Den kjempestore pæra (begge på Nationaltheatret), og i TV-seriar som Jul i Blodfjell og Hvite Gutter (begge på (Discovery Plus), Sølvrekka, Parterapi og Julemorgen (alle på NRK). Han har skrive musikk og tekst til ei rad show og framsyningar, og i 2022 var han med på å skape, komponere musikk og skrive songtekstar til musikalen Hårfagre (Rogaland Teater). I 2023 komponerte og arrangerte han musikken til musikalen Havet (Harmonie Arena, Sandefjord). Han er også aktuell med NRK-serien Dates IRL og filmen Den første julen i Skomakergata.

Aktuell som Hans i Frost.

Aktuell med

Portrett av Frost

Frost

Laurdag/ 09. mars 2024/ 14:30
Rolle
Hans, mfl.
Kjøp billett