Bakgrunnsartikkel

Lese og lytte i sommar – vi har gode tips!

Gode bøker, interessante podkastar eller berre litt ny musikk i spelaren – å dele gode opplevingar gjer livet verd å leve! Derfor har vi samla nokre forslag til lesing og lytting i sommar, både rykande ferske utgjevnader og noko litt meir modent gull. Barn, ungdom, eller vaksen – vi har noko for alle! Nokre av tipsa kan også danne grunnlaget for enda betre opplevingar på teateret i tida frametter. Andre er berre knakande gode tilrådingar!

Bok: Ottar Grepstad - Historia om Ivar Aasen

I vårens storsatsing på Hovudscenen finn Aase Ivarsen Ottar Grepstads biografi over Ivar Aasen og flammar opp i begeistring og beundring. For alle dei som enno ikkje heilt har fått omrisset av vår store nynorskfar, er det kanskje i sommar du skal bli betre kjent med Ivar? Kven var eigentleg mannen som samla det norske språket - til fots? Sjølv seier Ivar Aasen – frå scenen i Spynorsk. The Musical; Innadvendt bonde med skeive sko. Interesser: Blomster og grammatikk. Ville du sveipa til høgre eller? Kanskje det er nett i sommar du skal ta mot til deg og sveipe til høgre?

Bok: Ottar Grepstad - Brent ord

Om ikkje biografiar er din tekopp, kva med Grepstads historiske gjennomgang av bokbål i Noreg mellom 1912 og 2005? Boka Brent ord vil antakeleg sjokkere deg. Visste du til dømes at det brann fleire bokbål mot språk i Noreg enn i noko anna vestleg land i fredstid på 1900-talet? Dei som meinte dei representerte fleirtalet, brukte fysisk og symbolsk vald mot språk dei ville utrydde eller ikkje ha noko med å gjere. Bøker på nynorsk og samnorsk blei brende, hengde, drukna og jordfesta av di dei var skrivne på feil språk. Som ein meldar skreiv; Det går faktisk an å savne det sterke engasjementet for både riksmål og nynorsk no når engelsk trenger seg inn på stadig fleire arenaer. Om korleis språk kan setje fyr på debatten!

Bok: Marit Eikemo - Vi er brødrene Eikemo

Marit Eikemo har skrive eit vilt portrett av ein familie med høgt tempo og eit veldig høgt hus i Odda sentrum. Eit hus som er bygd av bestefaren hennar, og som har romma den store etterslekta hans både i gode og mindre gode dagar. Brørne Eikemo er far og onklane til forfattaren, og er eldste ledd i ein familie der trassen er større enn redsla. Fasinerande, sårt og veldig vittig!

Bok: Geert Maak - Store forventninger

Du hugsar kanskje den energiske og kunnskapsrike nederlendaren som guida oss gjennom Europa i beste sendetid på NRK? No er Geert Mak aktuell med boka Store forventninger - Europa 2000-2020, på sporet av den europeiske drømmen. Her skildrar han dei 20 første åra i dette hundreåret – eit hundreår med storhendingar i kø. Europa blir sentral i teaterrepertoaret etter kvart, så kva med å fylle på med litt europakunnskap frå solsenga i sommar?

Bok: Sten Inge Jørgensen og Leonid Ragozin - En europeisk tragedie

For dei som ikkje heilt klarar å kople av frå uroa som omgir oss, er kanskje denne lektyren verdt å pakke med i reiseveska. To skarpe journalistar gir her innsikt i bakgrunnen for Ukraina-krigen og den pågåande kampen mellom fridom og diktatur. Dei argumenterer for at Russland og Europa er i ein skjebnefellesskap. Er det mogleg å ha håp om at Vesten og Russland kan finne saman igjen?
Sten Inge Jørgensen og Leonid Ragozin: En europeisk tragedie - hvordan Vesten og Russland ble fiender - og kan finne sammen igjen.

Bok: Don Martin og Zeshan Shakar - Kan du høre byen puste ut

Det Norske Teatret skal på ingen måte ta ære for, eller forsøke å sole seg i glansen av denne bokutgjevinga. Men vi er jo litt stolte av at Don Martin og Zeshan Shakar fann kvarandre i eit bokprosjekt som kanskje spring ut av framsyninga Linje 5 som dei skreiv for oss. Boka er ei kjærleikserklæring til blokkene og Groruddalen der dei vaks opp og der det meste skjedde langs nettopp Linje 5. Vi snakkar glitrande kritikkar, topp-plassering på bestseljarlista og stort opplag. Men mest av alt; god litteratur, som kan ligge i kofferten til både ungdommen og dei unge vaksne. Og alle som er nysgjerrig på korleis det eigentleg er i dei omdiskuterte og ofte utskjelte områda aust i hovudstaden.

I haust gjestar Luk Perceval, ein av Europas mest etterspurde teaterregissørar, Det Norske Teatret med dramatiseringa av Linn Ullmans Jente, 1983. Om du ikkje alt har lese denne vesle romanen, er det kanskje no det skal skje. Vi blir med tilbake til 80-åra og til motehovudstaden Paris. Ei ung jente er lova ein foto-shoot, men hamnar i situasjonar som 40 år seinare framleis pregar henne. Ei historie om einsemd, skam, begjær, om eldre, mektige menn og unge kvinner med karrieredraumar.

Bok: Aina Basso - Dei dødsdømde

Er det vanskeleg å få tenåringen til å lese? Kanskje litt død og pine vil gjere susen?

Aina Basso har har omsett Ibsens Hedda Gabler, som har premiere til hausten. Ho har også skrive om dødsstraffa i Noreg og nokre av dei som blei avretta. I dag verkar det fjernt at vi har dømt menneske til døden og halshogge eller brent folk framfor store folkemassar. Samtidig veit vi at mange andre land i verda framleis avrettar kriminelle. Kva er argumenta for dødsstraff, og kva er grunnen til at Noreg ikkje vil ha det lenger? I Dei dødsdømde vil alle som er bitte litt nysgjerrige på dette få svar.

Bok: Beate Grimsrud - Jeg foreslår at vi våkner

Kva gjer du når avtaleboka er full mange år fram i tid, og den plutselege beskjeden om at du har brystkreft slett ikkje passar inn i livet ditt? Beate Grimsruds siste roman er litteratur som blir sittande i kroppen. På meisterleg vis tar ho lesaren gjennom ein berg – og dalbane av kjensler, avsporingar og tankar om alt som er verdt å leve for. Det boblar over av livskraft og lengt, språkrikdommen er stor og fantasien løper løpsk. I haust blir romanen dramatisert og får premiere på Scene 2. Så veit du det.

Bok: Nobelprisvinnar Jon Fosse

Interessa for Jon Fosse har skote i veret etter at Nobelprisen gjekk til vestlandsdiktaren i fjor. På Scene 2 spelar vi for tida Einkvan, som også er gitt ut i bokform. Skodespelet kan vere fin lektyre i sommar, men om du er Fosse er eitt nytt namn på leselista di så er Morgon og kveld ein nydeleg inngang til ein rik forfattarskap. Eller Trilogien og Septologien om du toler litt tjukkare utgåver.

Bok: Inger Johanne Sæterbakk - Hjartespreng

Språkkonsulenten på Det Norske Teatret er ikkje berre ein vaktar av språket i scenerommet. Vår eiga Inger Johanne Sæterbakk er også ein kritikarrost forfattar av ungdomsbøker. Hennar siste utgjeving Hjartespreng blei til og med nominert til Brageprisen for beste ungdomsroman. Vi treffer Inga som ikkje er så god til å vere 16 år. Ein sår og gøyal roman om å vere usikker tenåring i møte med alt det nye som ungdomsåra kjem med; gutar, fest, alkohol og nye venner.

Bok: Dordi Strøm - Odel

Det er fleire teaterfolk som gjer seg gjeldande i litteraturen. Dordi Strøm er ein etablert scenograf og kostymedesignar som etter kvart har nådd eit større lesande publikum. Hennar siste utgjeving Odel har fått glitrande kritikkar og vann Lytternes romanpris i 2023. Nifs, suggererande og gnistrande original skreiv NRKs meldar. Du treng ikkje reise til gards for å lese denne, men om du skal ut på bygda, er kanskje dette midt i blinken.

Bok: Maja Lunde - Verdens kuleste gjeng

Maja Lunde er ein forfattar alle kjenner. Det Norske Teatret sette opp Snøsøstera på Hovudscenen til ellevill jubel og fulle hus i 2022. I haust kjem framsyninga tilbake, men det er kanskje ikkje heilt sesongen for å lese boka om Julian som gruar seg til jul. Da er det godt å vite at Maja Lunde har mange andre og meir sesonguavhengige bøker å ta av. Vi er sterke fans av serien om Verdens kuleste gjeng. Ein gjeng som er så kule at ingen har oppdaga dei enno. Festlege og populære bøker som garantert vil sprite opp feriestemninga.

Podkast: Språkoppdraget

Visste du at Det Norske Teatret har sin eigen podkast der vi tek utgangspunkt i språk? Tema og samtalen er elles personleg og relevant.
Kva kjenneteiknar ein norsk språkbrukar i 2024? Kva for ord og uttrykk er spesielt gromme i språket vårt? Er det greitt å rette på andre sitt språk? Korleis kan ein skodespelar lære seg så mykje tekst? Er nynorsk eit meir poetisk språk enn bokmål? Dette er mellom spårsmåla Språkoppdraget vil ha svar på.

Podkast: Jazz på svenska - Jan Johanssons odödliga succé

I haust skal regissør Eirik Stubø, eit knippe skodespelarar og ein jazztrio forsøke å sjå på den norske folketoneskatten i Johanssons ånd i framsyninga Jazz på nynorsk. Inspirasjonen er sjølvsagt Jazz på svenska, Sveriges mest selde jazzplate gjennom tidene. Men korleis blei Jazz på svenska ein slik braksuksess? Denne podkasten frå Sveriges Radio tek for seg historia om Jan Johansson, Georg Riedel og Jazz på svenska.
Dokumentaren er ved journalist Irma Norrman.

Podkast: Sommer i P2

Dette radioprogrammet på NRK er eit årleg højdepunkt for mange. Gjennom godt fortalte historier og musikken dei meiner høyrer med, kjem vi tett på kjente og mindre kjente personar frå politikk, kultur og næringsliv. Lytt til årets sesong, høyr opp igjen gamle eller ta igjen dei du har gått glipp av.
Du kan for eksempel møte regissør Hilde Brinchmann, Herborg Kråkevik (som er aktuell på Det Norske Teatret med Juleroser), teatersjef for det kvenske teatret, Frank Jørstad, eller Det Norske Teatrets pensjonerte skodespelar Svein Tindberg. For å nemne nokre!

Musikk: Heil ved

Skal du sjå framsyninga Heil ved til hausten? Eller har du sett henne, og synest musikken var så fin? Da kan du gle deg med å høyre musikken frå framsyninga, komponert av Stein Torleif Bjella. Det er ei god blanding av stemningsmusikk, folketoneinspirert americana, visesong og rock.

Musikk: Jazz på svenska

Det skadar aldri å høyre på Jazz på svenska. Denne plata går aldri ut på dato. Jan Johanssons vare pianotonar og Georg Riedels rolege basslinjer smyg seg inn i øyra og gir garantert indre ro. Helst bør ein lytte på vinyl - men andre format er ein god nummer to.

God lesnad, god lytting
- og riktig god sommar!