Det Norske Teatret er ein scenekunstinstitusjon med eit språkoppdrag.
Vi skal spele teater på nynorsk og norske dialektar for folk i bygd og by. Kvar dag har vi samtalar om språk i korridorane, i prøvesalane og på scenane på teateret. Desse samtalane vil vi gjerne invitere publikum inn i. Med aktuelle gjester og boblande språkundring borar språkkonsulent Inger Johanne Sæterbakk og formidlingsdramaturg Erlend Tårnesvik Dreiås i aktuelle språkspørsmål. Produsent er Ole Herman Andersen.
Har du spørsmål eller innspel? Ta kontakt på sprakoppdraget@detnorsketeatret.no.
Under finn du alle publiserte episodar.
Maren Bjørseth
Om Søstrene, språket og Stiklestad
Regissør Maren Bjørseth har ei dragning mot store, monumentale forteljingar. I haust har ho premiere på Søstrene på Hovudscenen på Det Norske Teatret. Framsyninga er basert på den nesten 700 sider lange romanen til Jonas Hassen Khemiri, om tre søstrer, ein forfattar, og ei historie som strekker seg frå 1980-åra og fram til i dag.
10 dagar før premieren står ho midt mellom god og dårleg tid. Det einaste det ikkje er tid til, er å få panikk.
Maren Bjørseth er frå Stjørdal i Trøndelag. Før ho forstod det sjølv, var det klart at ho skulle bli regissør. Utdanninga tok ho i Nederland. Da måtte ho lære seg eit nytt språk, og merka korleis personlegdommen endra seg på det framande språket. Den ordrike trønderen var plutseleg stille. Dessutan var humoren umogleg å omsetje. Ho innsåg at språk er ein nøkkel.
I dag er ho ein merittert teaterregissør med framsyningar som Prima Facie, Lehmanntrilogien, Blodråpetall, Mi briljante venninne og Romeo og Julie.
Årets sommar har Bjørseth brukt på å ha regi på «alle spels mor»: Spelet om Heilag Olav. Der skulle ho halde styr på 150 medverkande, profesjonelle og amatørar, hestar og eit lokalmiljø med eit spesielt nært og kjært forhold til historia om slaget på Stiklestad i 1030.
Heldigvis trivst Maren Bjørseth godt i det store formatet. Ho har erfart at kunsten å ete ein elefant er å ta ein bit av gongen. Og at den trønderske haldninga til vêret – etter ein ekstremt blaut sommar – er: «det var da ikkje så verst?»
Lytt til episoden med Maren Bjørseth.
Alle sesongar med Språkoppdraget
Språkoppdraget Sesong 5
I femte sesong av podkasten Språkoppdraget er mellom anna journalist Ingerid Stenvold, skodespelar Natalie Bjerke Roland, språkentusiast Ragnhild Holmås og skodespelar Marie Blokhus gjestar. Programleiarar er Inger Johanne Sæterbakk og Erlend Tårnesvik Dreiås. Produsent er Ole Herman Andersen. Publisert hausten 2025 og våren 2026.
Les meir
Språkoppdraget Sesong 4
I fjerde sesong av podkasten Språkoppdraget er mellom anna skodespelar Heidi Gjermundsen Broch, politikar Sveinung Rotevatn, artist Frida Ånnevik og regissør Jakob Höglund gjestar. Programleiarar er Inger Johanne Sæterbakk og Erlend Tårnesvik Dreiås. Produsent er Ole Herman Andersen. Publisert hausten 2024 og våren 2025.
Les meir
Språkoppdraget Sesong 3
I tredje sesong av podkasten Språkoppdraget er mellom anna skodespelar Ina Svenningdal, artist Stein Torleif Bjella, julegeneral Herborg Kråkevik, skodespelar Preben Hodneland og artist Ingrid Bjørnov gjestar. Programleiarar er Inger Johanne Sæterbakk og Erlend Tårnesvik Dreiås. Produsent er Ole Herman Andersen. Publisert hausten 2023 og …
Les meir
Språkoppdraget Sesong 2
I andre sesong av podkasten Språkoppdraget er mellom anna regissør Kjersti Horn, språksjovgeneral Linda Eide, forfattar Maja Lunde og Oslo-biskop Kari Veiteberg gjestar. Programleiarar er Inger Johanne Sæterbakk og Erlend Tårnesvik Dreiås. Produsent er Ole Herman Andersen. Publisert hausten 2022.
Les meir
Språkoppdraget Sesong 1
I første sesong av podkasten Språkoppdraget er mellom anna skodespelar Svein Tindberg, språkdirektør Åse Wetås, komikar Are Kalvø og skodespelar Sara Khorami gjestar. Programleiarar er Inger Johanne Sæterbakk og Erlend Tårnesvik Dreiås. Produsent er Ole Herman Andersen. Publisert hausten 2021 og våren 2022.
Les meir
Vil du bli med i samtalen?
Send inn spørsmål, tankar og kommentarar på e-post til sprakoppdraget@detnorsketeatret.no
Learn More