Bakgrunnsartikkel

Nynorskens far: Ivar Aasen

Ivar Aasen (1813-1896) kom frå Hovdebygda i Ørsta og var utdanna frå omgangsskulen, med om lag ti dagar skulegang i året i nokre få år.

Skrive av
Inger Johanne Sæterbakk
Språkkonsulent

Han hadde også to år som privatstudent hos prost Thoresen i Herøy med faga latin, historie, geografi, retorikk og diktekunst. Aasen hadde ein lang og innhaldsrik karriere som språkforskar og diktar, og han var også ein habil botanikar og arbeidde som privatlærar. Aasen er mest kjent for arbeidet med å lage eit nytt norsk skriftspråk, nynorsk, tidlegare kjent som landsmål. Dette prosjektet hadde han både ideen til og regien på, og han spelte hovudrolla i det.

I periodane 1842–1847, 1851–1858, 1860–1868 og i 1883 var han på fleire lange noregsturnear for å kartlegge dei norske dialektane, og han la bak seg 28 350 kilometer, mange av desse til fots. Ivar Aasen gav i si levetid ut 39 bøker, mellom anna to ordbøker, publiserte 87 viser og dikt, over 100 artiklar og to skodespel. Syngjespelet hans, Ervingen, var det første stykket Det Norske Teatret sette opp. Det hadde premiere 2. januar 1913 i Kristiansand. Aasen har også omsett ei rekke dikt og prosastykke, og han meistra ni språk, i tillegg til det han sjølv har laga.

(Kjelder: nynorsk.no og snl.no)

Frå oppsetjinga av Ervingen ved Det Norske Teatret i 1931.

Ivar Aasen fekk fleire prisar og stipend, mellom dei æresmedaljen i gull (1871) av kong Karl 15. for den sentrale rolla si i arbeidet med «det Norske Folkesprog». I 1873 fekk han riddarmedaljen av Sankt Olavs orden, og han fekk stipend frå Vitskapsselskapet i Trondheim frå 1842-1850. I 1851 vart han den første statsstipendiaten i Noreg. Ivar Aasen har vore gravlagd på Vår Frelsers gravlund i Oslo sidan 1896.

Døyr fe;
døyr frendar;
døyr sjølv det same.
Men ordet um deg
aldri døyr
vinn du eit gjetord gjævt.

På gravstøtta til Ivar Aasen står eit sitat frå Håvamål. Foto: Chris Nyborg via Wikimedia Commons.