«en deilig halvannen time i teateret, der våre rastløse scrolle-skadde hjerner kan falle til ro»

«I teatersjef Erik Ulfsby regi er «Heil ved» blitt en stillfaren opplevelse.»

«det er behagelig, nærmest hypnotiserende meditativt å se på»

Det var skilnaden på å fryse og å vere varm. Det var skilnaden på malm og jern, på rått kjøt og ei steik. Vinterstid var det sjølve skiljet mellom å leve eller å døy. Så mykje hadde veden å bety for dei første nordmenn. Sanking av brensel var rett og slett eit av dei viktigaste gjeremåla, og reknestykket var enkelt: Hadde du lite, frøys du. Hadde du for lite, døydde du. Og kanskje har nokre tusen år med frost og liding skapt eit særeige nordisk fyringsgen som menneske i varmare strøk ikkje har? Knappe hundre år med vifteomnar og parafintankar har ikkje kunne utslette denne refleksen – og arbeidsgleda mange finn i vedhogst skuldast kanskje at vedfyringsgenet blir vekka til live, og koplar oss til sankaren vi alle stammar frå.

Slik opnar Lars Mytting boka Hel ved. Mytting trefte ei nerve i det norske folket med portrettet av ein norsk vedfyringstradisjon som i generasjonar har vore brakt vidare. Kva gir den beste veden? Korleis skal ein stable ved for å tørke han på best mogleg vis? Og kva vil det seie å vere heil ved?

Dette og mykje anna forsøker dei å finne ut i framsyninga, basert på denne boka. Metoden er ei real arbeidsøkt. Eit tre skal bli felt, eit vedlag skal bli stabla. På scenen står fire av teaterets meir skogskyndige skodespelarar, i lag med musikar Stein Torleif Bjella, som også er småbrukar med veaskog.

Høyr Stein Torleif Bjella snakke om blant anna korleis det er stå på teaterscenen, korleis det er å skrive songar på bestilling på få dagars varsel og om kvifor han køyrde traktor i tre dagar frå Ål til Det Norske Teatret i sommar!

«Heil ved gjer ein ærleg dags arbeid om til kunst» 

Lytt til musikken frå framsyninga!

Digitalt program Heil ved

Svolten?

Showpakker (hotell + billett)

Kjøp billett

Vel speledato for Heil ved

Finn ut meir