Bakgrunnsartikkel

Hausten kjem med store forteljingar

Episke romanforteljingar utgjer pilarane i repertoaret, som femnar frå barneteater til historier frå norsk afro-diaspora.

Teatersjef og regissør Kjersti Horn har alt gjort furore i Danmark ved Betty Nansen Teatret med si nytolking av Victor Hugos storverk Les Misérables:

Les Misérables er som eit einaste langt one-take-filmopptak

Ei av verdenslitteraturens mest gripande historier, berømt som musikal, er i denne versjonen ikkje musikal, men i rå teaterform. Vi kjem tett på skodespelarane gjennom direkteoverførte videobilde på storskjerm. Vi blir med på Jean Valjeans desperate kamp for å gjenvinne verdigheit etter å ha vore fengsla for å stele mat til søstera og ungane hennar. I Kjersti Horns regi er dette blitt ei rystande forteljing om utanforskap. Om dei som ikkje er ein del av fellesskapen fordi dei ikkje kan, og felleskapen ikkje vil.

Den uendelege hisoria - ei eventyrleg forteljing om fantasiens kraft.

I ei tid da barn sluttar tidlegare og tidlegare med å leike og let seg underhalde av skjermar både på skolen og heime, ønskjer regissør Peer Perez Øian å undersøke barnas eigen fantasi. Michael Endes berømte barneroman om Bastian, som forsvinn inn i historia i boka han finn, har brent seg fast i minnet til fleire generasjonar av barn. I haust løfter vi denne forteljinga fram på ny og inviterer dagens barn med på Fantásias eventyr.

Juleoratoriet - vakkert og sårt om sorg og kjærleik.

Romanen frå 1983 er Göran Tunströms viktigaste verk, og fekk Nordisk Råds litteraturpris i 1984. I haust skal slektskrøniken om familien Nordensson frå den vesle byen Sunne, byen der han sjølv vaks opp, fylle Hovudscenen i Eirik Stubø sin regi. Vi skal til ei tid som ikkje lenger er, men også inn i draumar og minne, til radioens spede byrjing og Bachs store korverk.

DIFF - Fossefestival med internasjonalt sus

5. - 13. september inviterer vi nok ein gong til festival med internasjonale gjestespel, urpremierer og premierer på løpande band!

Ein atmosfærisk meditasjon om kjærleik, kan ein kalle Fosse-stykket Vinter.

Teksten er eigentleg skrive for ein mann og ei kvinne, men regissør Lisaboa Houbrechts ønskjer å undersøke spørsmål kring temaet kjønnsidentitet, og har valt skodespelarane Kyrre Hellum, Tani Dibasey og Carl Martin Eggesbø til rollene.

Forfattar og DIFF-festivalprofil Édouard Louis har gått til ekstreme skritt for å gjenskape seg sjølv og gjere ei klassereise.

I Forandre seg: metode fortel han brutalt ærleg om reisa dit han er komen, og om menneske han har såra på vegen.

Fire menneske, ein kai, ein båt som ikkje kjem og ein påtrengande teatertrupp.

Dette er ingrediensane i den rykande ferske teaterteksten frå Jon Fosse, som er overraskande komisk om store tema.

Det var utlova dusør på 1 million til den som kunne ta livet av bror hennar. No blir historia til Faysa Idle teater.

I Ord for blod fortel Idle om korleis det har vore å vere søstera til leiaren i det svenske Shottaz-nettverket. Ei rå forteljing frå gjenkriganes Stockholm, som gir ny innsikt i debatten om såkalla "svenske tilstandar".

Dragonblood er ein miks av klubbkultur, rollespel, opera, popkonsert, spådomskunst og historieforteljing.

Sukker er ei forteljing om skjult norsk historie og om å vere mangfaldsalibi for ein kulturelite med berøringsangst.

Dramatikar og regissør Linda Gathu står bak framsyninga Sukker.

Vi møter ein ung kunstnar som blir henta inn for å redde eit museum i krise. Stykket undersøker tema som det å vere kunstverdas mangfaldsalibi og skjult norsk historie i ei sjangerblandane form som beveger seg frå satire til afrofuturisme til magisk realisme. Publikum blir tatt med på ei reise gjennom 400 år med norsk afro-diaspora.

Framsyninga er eit fiksjonsverk som hentar inspirasjon frå liva til faktiske personar frå den norske afro-diasporaen, m.a. Ruth Reese, Anne Brown og Christian Hansen Ernst.

Herborg Kråkevik ønskjer velkommen til førjulsfest med Juleroser.

I fjor markerte vi tiårsjubileum for det populære juleheftet Juleroser med å invitere til førjulsfest på Hovudscenen tre søndagar i advent. Det blei ei så varm og fin oppleving, at vi vil gjenta det heile i år - med nye gjestar! Her får du møte forfattarar og artistar som har bidrege i heftet i løpet av åra som er gått, saman med musikarar og skodespelarar frå Det Norske Teatret. Herborg Kråkevik er sjølv programleiar.