
Ein kunstnar blir henta inn for å redde eit museum i krise. Sukker er ei forteljing om skjult norsk historie og om å vere mangfaldsalibi for ein kulturelite med berøringsangst.
- en satirisk afro-futuristisk underretning om
vår begyndelse, tiltagelse og nuværende
forfatning i kongeriket Norge tidligere kjent
som Danmark- Norge, i perioden 1660-2025.
Ein ung kunstnar prøver navigere utfordringane ho møter i notidas kunstverd etter at ho blir henta inn til eit museum som treng fornying. Museet ønskjer ho skal hjelpe med å endre museets andlet mot utsida sidan ho er så "tidsriktig".
Men inne på museet oppdagar kunstnaren ei opning inn til ei anna tid, og fell plutseleg bakover og inn i (for)tida. Personar og lokasjonar endrar seg, tider krasjar inn i kvarandre og blandar seg i høgt tempo. Kunstnaren sjølv blir transformert til ulike karakterar på tvers av tid, rom og kjønn.




Norsk afro-diaspora
I Sukker blir kunstnaren mediet for å undersøke tema som “tokenism” (mangfaldsalibi) og skjult historie (hidden history) i ei sjangerblandane form som beveger seg mellom satire, afro-futurisme og magisk realisme. Med parallelle tidsliner, humor, og overlappande tidssoner blir vi tatt med på ei reise gjennom historia om norsk afro-diaspora gjennom 400 år. Frå 2025 til 1681, til 1880 til 1944, til 1990, til ute av tida. Frå Kristiania til Sunnfjord til Kragerø til Nordsjøen, til ein eller annan plass langt der ute i verdsrommet. Sukker er eit fiksjonsverk inspirert av livet til faktiske personar frå den norske afro-diasporaen, m.a. Ruth Reese, Anne Brown, Kola Mangoli og Christian Hansen Ernst.
Kunstnarane bak framsyninga
Sukker er Linda Gathus første heilaftans verk som både regissør og dramatikar. Eli Mai Huang Nesse debuterer også som scenograf og kostymedesignar. Saman med Randiane Sandboe på lysdesign, komponist Emily Adomah på lyddesign og med Ingrid Askvik som ein del av det kunstnariske teamet, skal dei lage ei humoristisk, hardtslåande og visuell oppleving på Scene 2.

Svart komedie om kvite blindsonar og skjult norsk historie
Framsyninga Sukker set spørsmålsteikn ved det vi trur vi veit om historia vår, inspirert av historiske personar. Dette er nokre av dei.
Les meir
Ameli Isungset Agbota
Ameli er eit nytt fjes på Det Norske Teatret. I haust skal ho spele kunstnar i Sukker.
Les meirLinda Gathu
SUKKER Linda Gathus første heilaftans teatertekst, og er del av ein trilogi av frittståande historier, forankra i ulike tider og med dansk-norsk kolonihistorie som bakteppe.
Les meir
"Siste liten"-rabatt!

Billettpris: 150,-
Visste du at den siste timen før framsyningsstart, kan du kjøpe ledige billettar til Sukker til 150 kroner?
Både på nett og i billettluka.

Utstilling og bibliotek
BLACK FUTURE MONTH er eit program sett saman av eit temporært bibliotek i samarbeid med Assata, ei utstilling av Lidiya Solomon og arrangementet om Queendom.
Les meirKjøp billett
Vel speledato for Sukker
-
-
Få billettar
-
Ledige billettar
-
Få billettar
-
Få billettar