Terningkast seks

«Publikum kan opleve skuespilkunst i mesterklasse i en forestilling, der brænder sig fast i sindet»

Terningkast fem

«Det er alt andet end miserabelt, når et stærkt hold skuespillere tager fat på Victor Hugos murstensroman, der ellers mest er kendt som musical. Det ender som en helt anderledes aften med skuespilleren i centrum.»

Vinnar av prisen for Årets Samspil´25

Ei av verdenslitteraturens mest gripande historier, berømt som musikal, er i denne versjonen ikkje musikal, men i ein rå teaterform. Framsyninga har alt hatt premiere i Danmark, der ho fekk strålande kritikkar og blei smykka med den gjæve teaterprisen Reumert for Årets Samspil.

I kjent stil for regissør Kjersti Horn er framsyninga som eit einaste langt one-take-filmopptak, der publikum får sjå skodespelarane heilt tett på på ein storskjerm som dekker store delar av scenen. Her blir Les Misérables eit epos om å forsøke å vere eit godt menneske for einkvar pris. Det er radikal historieforteljing, ein blottlagt teaterleik og ein påminnar frå ei anna tid om å halde fast i det som til alle tider er viktigast: medmenneskelegheit.

Fange nummer 24601

Les Misérables er historia om straffefangen Jean Valjean som stel eit brød til søstera og barna hennar som svelt, og må bøte for dette resten av livet. Det handlar om ein mann som ikkje har ein sjanse i eit system som blindt følger reglane, også når dei er urettferdige. Handlinga strekk seg over ein periode på over 17 år frå 1815, og kulminerer i 1832 med det franske juniopprøret.

Ei historie om utanforskap

Teatersjef og regissør Kjersti Horn har gjennom karrieren engasjert seg intenst i det ho kallar utanforskap. Dei som ikkje er ein del av fellesskapen fordi dei ikkje kan, og felleskapen ikkje vil. Her gir ho nytt liv til det samfunnskritiske eposet, og sørger for at vi ikkje kan sjå bort fra alt det og dei miserable vi – og samfunnnet vårt – har skapt.

Ei historie om utanforskap

Les Misérables er eit samarbeid mellom Betty Nansen Teatret og Det Norske Teatret. Framsyninga, som hadde premiere i København i mars, er ein kraftprestasjon av dei sjeldne, i ei rå og upolert innpakking. Ho tar utgangspunkt i Victor Hugos roman frå 1862 – ikkje den kjente musikalen med same tittel.

Les meir

Æ e hjæmme!

Sigrid Husjord kjente seg heime da ho gjekk den røde løparen under Oscarutdelinga i 2023. I vår spelte ho Cosette i Les Misérables ved Betty Nansen Teatret i Danmark - ei framsyning som fekk den høgthengande Reumert-prisen. I haust kjem denne framsyninga til Det Norske Teatret med Husjord som Cosette - i tillegg er ho å sjå i Skodespelet.

Les meir

Leselaget: Les Misérables

Vi inviterer til eit djupdykk inn i ein av verdshistorias mest kjende romanar, når podkasten Leselaget les Les Misérables av Victor Hugo. Vi spelar inn med publikum til stades, så hent deg ut ein gratisbillett og bli med!

Les meir

Svolten?

Velkommen til restauranten vår!

Les meir

Radikal og dybt betagende fortolkning af ’Les Misérables’

Nytt skodespelarlag på Det Norske Teatret

På scenen er også videoinstruktør Borgar Skjelstad, som følger skodespelarane heilt tett med eit kamera, så framsyninga går føre seg både på scenen og på ein stor skjerm. Dei norske skodespelarane Sigrid Husjord og Francisco Kalle Navarro er med til Det Norske Teatret frå Betty Nansen-oppsetjinga, i tillegg til Emil Johnsen, Frank Kjosås, Kjersti Dalseide og Glenn André Kaada.

Produsert i samarbeid med Betty Nansen Teatret i Danmark, og hadde premiere 26. mars 2025 i København.

I mødet med skuespillernes monologer, deres dybe øjenkontakt, ægte tårer og vildt potente replikker sidder jeg fængslet hele vejen igennem.

Kjøp billett

Vel speledato for Les Misérables

  • Få billettar
  • Utseld
    Kjøp billett
  • Få billettar
  • Få billettar
  • Utseld
    Kjøp billett

Finn ut meir