Bakgrunnsartikkel

Møt: Morten Svartveit

Morten skulle eigentleg bli jurist, men heldigvis blei han skodespelar i staden. Han er ein skodespelar med vidt spenn, og har hatt roller innan både barneteater, seriøse drama, musikkteater og musikalar. Han blei kjend for eit større publikum gjennom NRK-seriane Heimebane, Stjernestøv og Pørni. På teateret har han også denne hausten vidt forskjellige utfordringar.

Skrive av
Åsne Dahl Torp
Åsne Dahl Torp
Kommunikasjonsrådgjevar

- I haust skal eg sette meg inn i lagnaden til Aron i Juleoratoriet. Det er ein stor roman på alle måtar. Han strekker seg over fleire kontinent og over fleire generasjonar, men rommar også ein stor tematikk: livet og døden, og korleis ein skal manøvrere førstnemnde når ein vert konfrontert med sistnemnde. Også korleis kunsten (her: musikken) brukast i den prosessen.

Aron er ein lykkeleg familiemann, gift med sin store kjærleik Solveig og far til Sidner og Eva-Liisa. Når Solveig døyr i ei tragisk ulykke må han manøvrere i livet på nytt. Åleine med ungane – og frå livet som sjølvstendig bonde til ein jobb som tilsett på bygdas hotell. Saknet etter kona gjer at han slit med å skilje draum og verkelegheit.

Morten som Zelenskyj i Europavisjonar.

Samtidig skal eg også halde fram med å spele ulike roller i Europavisjonar. Mellom anna har eg rolla som Volodomyr Zelenskyj. Og det er alltid litt spesielt, sidan han er så til stades i mediebildet og folks liv. Publikum har jo eit aktuelt bakteppe dei tek med seg inn i salen. Det er ein balansegang det der med kor mykje ein skal prøve å legge seg opp til verkelegheita når ein speler ei rolle.

Kva var din aller første replikk på ein scene – og korleis gjekk det?

- Det var «Rimi, Kiwi, Spar og EPA... kvar finn eg den beste nepa?» Det var i russerevyen på Voss, ein lett satirisk og lyrisk samtidskommentar, kan ein vel seie. På den tida poppa det opp nye daglegvarebutikkar stadig vekk. Eg kan hugse at folk lo, og det gav meirsmak.

Fullfør setninga: “Eg visste eg ville bli skodespelar da eg…”

- var ti år og såg Les Misérables på Det Norske Teatret, kunne eg ha svart. Men det er ikkje heilt korrekt, for eg skjønte ikkje at eg kunne bli skodespelar da. Eg syntest berre det var fullstendig fantastisk stort. Eg kjem stadig tilbake til den opplevinga der.

Etter tre år på juss-studiet i Bergen tok eg meg eit pauseår for å gjere noko eg absolutt ikkje visste nokon ting om; å synge, danse og spele teater. I Oslo møtte eg teaterpedagogen Alexandra Myskova, eller Sasha som ho vert kalla. I møte med henne skjønte eg at dette var eit fag ein verkeleg kunne fordjupe seg i, og at det stort sett berre er du sjølv som kan sette grenser for kor djupt du kan eller vil gå. Det var nok da eg visste at eg ville bli skodespelar.

Kva er det raraste du har gjort i research til ei rolle?

- Eg trur det må vere da eg skulle gjere Inkognito her på teateret. Da skulle karakteren min få eit grand mal epilepsianfall, og eg såg videoar av dette på YouTube i timevis. Eg var veldig oppteken av at dette skulle sjå autentisk ut, så eg måtte prøve det ut i praksis. Det er ei veldig rar og einsam kjensle å fake eit grand mal-anfall åleine inne på eit lite rom. Litt skremmande også.

Morten som Henry Maison i Inkognito (2016).

Svein Tindberg og Morten Svartveit i Brand (2015) på Hovudscenen.

Alle har jo gløymt replikkar på scenen. Kan du fortelje om ein gong det skjedde deg?

- Det var også her på teateret, eg spelte rolla som Einar i Brand. Det var fullsett sal. Midt i ein dialog med Svein Tindberg sin karakter på scenen, fekk eg fullstendig jernteppe. Teksten gjekk på rim, så eg klarte ikkje å improvisere rundt det heller. Eg hugsar suffløren gav suffli, men eg høyrde ikkje kva ho sa. Eg fekk suffli igjen, men igjen skjønte eg ikkje kva ho sa. Det stod heilt stille. Etter tredje runde med suffli på same replikken gjekk eg bort og spurde: «Kva var det du sa?» Eg gjekk tilbake til Svein, sa replikken eg hadde fått hjelp med, han svarte og eg stod fast på nytt. Heilt blankt. Resten av den scenen hugsa eg ikkje ein einaste replikk. Eg måtte ha suffli på alle. Den hausten var eg livredd kvar gong eg gjekk på scenen. Det var heilt forferdeleg!

Eg har gått inn på scenen i feil karakter!

Som Esel i barneframsyninga Okse og Esel. (2013).
Som skredddaren Motel Kamzoil i Spelemann på taket (2013).
Morten som tomsingen Karl i Woyzeck (2014).

Kva er det mest minneverdige som har skjedd deg bak scenen?

- Det var kanskje ikkje bak scenen, men eg synest likevel det passar å fortelje denne historia. Det var ein travel haust – eg hadde prøver på Brand, samtidig som eg spelte i Spelemann på taket, Woyzeck og i barnestykket Okse og Esel. I tillegg hadde vi nett fått ei dotter, så det var mange vakenetter. Eg var sliten. I Woyzeck spelte eg ei rolle som hadde cerebral parese, var delvis lam, hadde klumpfot og var nesten blind. Og i Spelemann på taket spelte eg ein som eg tenkte inni meg at rørte seg som om han gjekk på glødande kol, lett trippande. To veldig fysiske roller, kvar på sin måte.

Denne dagen hadde eg spelt Okse og Esel om føremiddagen, før eg sprang inn på prøver på Brand, for deretter å spele Spelemann på taket. I ein av scenane skulle eg gjere entré frå bakarst på Hovudscenen medan eg ropte på «Tevje» og trippa raskt heile vegen fram til Pål Christian Eggen som sto fremst på scenen, og som spelte rolla som Tevje.

Medan eg beveger meg over scenen kjenner eg at det er noko som er frykteleg gale. Denne entreen plar å gå ganske fort, eg er i fart, liksom, men i dag tok alt så utruleg lang tid... Publikum brukte også å humre litt når denne karakteren kom inn, men no var 730 publikummarar i salen heilt tyste. Som om dei såg noko eg ikkje fekk med meg. Langt der framme på scenekanten stod Pål Christian, han hadde snudd ryggen til publikum og skogra lydlaust så skuldrene rista. Eg kunne ikkje skjøne kva som skjedde. Hadde eg ikkje lys? Var mikrofonen min av? Hadde noko falle ned frå taket?

Flaskedansen i Spelemann på taket. Morten er ytst til høgre.

Midtvegs over scenegolvet innser eg plutseleg, medan eg sleper på den eine foten, er skakk i heile kroppen og snøvlar «Tevje, Tevje!» meir og meir desperat: Eg har gått inn på scenen i feil karakter!

Eg hadde gått inn på scenen som Karl frå Woyzeck. Ikkje Motel i Spelemann på taket!

Har du ei kulturanbefaling?

- I sommar var eg på Fotografiska Museet i Stockholm, og der såg eg ei utstilling som greip meg sterkt. Vi hadde eigentleg dratt dit for å sjå fotografia til Anna Clarén, men der var også ei utstilling med fotografen Anton Corbijn. Vi kunne oppleve utviklinga i kunstnarskapen hans samtidig som vi fekk historia bak bilda på øyret. Han er utruleg god til å fange situasjon og blikk på same tid, synest eg. Så det er mitt tips: Gå på Fotografiska Museet i Stockholm.

Kva er det beste ved å vere skodespelar?

- At du alltid er i rørsle, både som menneske og fagleg.