Solveig Nordensson (Julie Moe Sandø) døyr tidleg i forteljinga, men er høgst til stades i minnet til dei gjenlevande. Foto: Siren Høyland Sæter/Det Norske Teatret.
Handlinga i Göran Tunströms roman strekkjer seg frå om lag 1930-talet til 1980-talet, og skildrar korleis ei enkelt hending kan gi gjenlyd gjennom fleire slektsledd. Historia byrjar på garden til familien Nordensson i den vesle bygda Sunne i Värmlamnd. Livet er godt for Aron, den livlege, amerikanske kona hans Solveig og dei to barna deira. Solveig har eit vesen som sjarmerer alle, og ho ber på ein litt for stor draum om å sette opp Bachs Juleoratoriet i den vesle bygdekyrkja. Men ho har fått det til å skje, dei har øvd i ti år og er snart klare, men på veg til korøving blir ho brutalt trampa ihjel av kyra deira.
Mannen Aron, sonen Sidner og dottera Eeva-Liisa blir vitne til det heile, og denne erfaringa blir eit sår dei ber med seg heile livet. Aron stenger seg inne i seg sjølv, klarer ikkje av med garden og må selge han. I staden får han jobb på det lokale hotellet med å passe på spritlageret. Han og skjøttar jobben bra, men er ikkje ein nærverande far. I staden for å bli kjend med barna sine, får han seg ei brevvenninne, Tessa Scheideman, langt unna, på New Zealand.
Aron Nordensson (Morten Svartveit) går nærast til grunne ved tapet av Solveig. Foto: Siren Høyland Sæter/Det Norske Teatret.
Sidner Nordensson (Oddgeir Thune) lengtar etter far sin. Foto: Siren Høyland Sæter/Det Norske Teatret.
Sidner får ein spesiell venn, heilt ulik han sjølv, som nok heller ikkje har det så bra heime. Splendid kjenner om lag heile Sunne, og tek med Sidner på mange opplevingar han ikkje hadde oppsøkt sjølv. Sidner møter til dømes far til Splendid, Kanonkongen, som ein gong i tida blei skoten ut av tivolikanonar, Galningen, Selma Lagerlöf - og ikkje minst Fanny Udde.
Fanny og Sidner får eit spesielt band, og sjølv om ho er godt vaksen og han berre tenåring, får dette forholdet følgjer: Victor Udde kjem til verda, og veks opp i lag med Fanny, men utan å kjenne sin far, Sidner.
Sidner Nordensson (Oddgeir Thune) og Fanny Udde (Ingeborg S. Raustøl) blir foreldrer til Victor Udde. Foto: Siren Høyland Sæter/Det Norske Teatret.
Tessa Schneideman (Marie Blokhus) blir glad i Aron gjennom brevvekslinga dei imellom, men ender opp med sonen Sidner. Foto: Siren Høyland Sæter/Det Norske Teatret.
Trass i at Aron aldri gløymer Solveig, blir breva mellom han og Tessa Schneideman stadig meir kjenslemessig intime. Dei blir einige om at han skal dra til henne på New Zealand for at dei skal bli gifte, men på båten over kastar han seg på sjøen. Dette tapet driv Tessa til vanvit, og av dei lokale blir ho tatt for å ha vrangførestillingar om den svenske mannen som kunne komme for å gifte seg.
Sidner på si side dreg etter faren for å møte denne Tessa, som var den einaste levande som faktisk kjente far hans. Sidner og Tessa møtest, og han forklarar at Aron døydde på båten over for å møte henne, noko ho ikkje visste frå før. Det oppstår varme kjensler mellom Sidner og Tessa.
Det er Victor Udde, sonen til Fanny og Sidner, som fortel historia. Som vaksen har han blitt ein verdskjend dirigent, og historia om familien Nordensson får ei form for avslutning når Victor til slutt kjem tilbake til den vesle kyrkja i Sunne for å fullføre det bestemora, Solveig, aldri fekk gjort, nemleg å sette opp Bach sitt juleoratorium.
Victor Udde (Kyrre Hellum) får til slutt framført verket til Bach slik Solveig drøymte om. Foto: Siren Høyland Sæter/Det Norske Teatret.