Bakgrunnsartikkel

Symfonisk og leikent

Oddgeir Thune er aktuell med Juleoratoriet på Hovudscenen. Han har sjonglert teater, film TV-seriar i ei årrekke og har eit fjes mange trekkjer kjensel på. Er han ikkje… kjærasten til Pørni? Ektemannen i Elskling? Typen til laskearvingen i Milliardærøya?

Skrive av
Ida Michaelsen
Informasjonssjef

Joda, han er det. Og så er han forlova med Pia Tjelta. Men han er ikkje berre kjærastemateriale. Dei seinare åra har han spelt i mange av dei store publikumsvinnarane på teaterets største scene; Tid for glede. Snøsøstera. Heil ved. Oddgeir Thune har den gåva at han kan skape seg om til nærast kven og kva som helst. I haust er han aktuell som Sidner Nordensson i Gøran Tunströms Juleoratoriet som får premiere på Hovudscenen i november.

Romanen om familien Nordensson som får livet snudd på hovudet da mor Solveig ramlar på sykkelen og døyr, blei utgitt i 1984 og var det verket som fekk alle til å lese Tunstrøm. Det er ein stor roman som strekkjer seg over fleire generasjonar, fleire kontinent og over ein lang tidsperiode. Sidner er berre 12 år da han blir vitne til mora sitt dødsfall. Faren Aron blir taus, og klarer ikkje ta seg av sonen. Sidner sørgjer og søker kjærleiken langt heimanfrå. Barnebarnet Victor er den som klarer å realisere sin bestemors visjon om å oppføre det monumentale verket i av Bach den vesle småbykyrkja i Sunne i Sverige.

Foto: Monica Tormassy

Juleoratoriet er med andre ord ei forteljing som rommar dei store tematikkane, om liv og død, kjærleik og sakn, lengslar og forventningar, kva kunsten kan bety i eit liv og – ikkje minst – traume som går i arv i generasjonar.

Familietraumet som ligg i dna-et til familien Nordensson blir eit fascinerande prosjekt å jobbe med for Oddgeir Thune.

- Eg trur slike traume kan gå i arv, anten ein er klar over det, eller ikkje, seier han.

Da han arbeidde med Utiseta, eit prosjekt i regi av Lisa Lie, kjent for sine framsyningar der myter, det okkulte og det makabre gjerne dukkar opp, hadde dei samtalar om dette. Korleis genetikken går gjennom generasjonar.

- Det egget du kjem frå er laga i bestemor di! Det er jo litt vilt å tenke på. Eg trur jo til dømes at dragninga mi mot havet, fiske og naturen kjem frå ein stad. Og når det gjeld traume, så er det sikkert noko der også, utan at eg er heilt klar over det.

Oddgeir Thune har dei seinaste åra vore å sjå både på film og TV. I den kritikarroste filmen Elskling speler han ektemannen til Maria (Helga Guren).

Solveig Nordensson hadde nesten oppfylt ønsket om å framføre Juleoratoriet med det lokale koret. Kort tid før konserten døyr ho og med henne fell heile prosjektet saman. Sidner finn flukt i litteraturen og kunsten og blir etterkvart ein forsiktig og plaga ung mann. Han søker mot kjærleik og trøyst hos kvinner som er langt eldre enn han sjølv og forsøker å gjere opp for ein familiesynd som faren gjer seg skuldig i. Victor, barnet han får med ei av desse kvinnene, er den som vender tilbake til Sunne, nokre tiår seinare. Byen er forvandla, men trass i utviklinga som har endra det vesle samfunnet er barnebarnet fast bestemt på å gjennomføre bestemoras draum.

Oddgeir Thune har heldigvis ingen ufullførte familieprosjekt som er lagt på hans skulder frå førre generasjon. Det ligg inga urealiserte draumar som han kjenner ansvar for å verkeleggjere.

- Om det skulle vere noko, så er det kanskje at det er mange i familien som hadde ei kunstnarleg åre som ikkje resulterte i eit livsverk. Mor mi hadde ein draum om at eg skulle danse ballett. På den vesle staden eg vaks opp, hadde det vore sosialt sjølvmord, så det var ikkje aktuelt, seier han og ler høgt.

- Men eg har det med meg i det eg gjer på scenen, eg vil alltid leite etter ei fysisk løysing også. Kanskje mor eigentleg hadde lyst til å danse ballett sjølv? Det må eg spørje henne om, seier Oddgeir.

Juleoratoriet fekk Nordisk råds litteraturpris da romanen kom i 1983. I 1996 blei han filmatisert med Lena Endre i rolla som Solveig. To år seinare kunne eit norsk publikum sjå ei dramatisering på Oslo Nye Teater. Dramaten i Stockholm har nyleg gjort stor suksess med ei dramatisering gjort av sonen Linus Tunstrøm. På Det Norske Teatret er det Alexander Mørk-Eidem og Cecilia Ölveczky si dramatisering som ligg til grunn. Regien er ved Eirik Stubø, ein mann Oddgeir Thune har arbeidd med tidlegare.

- Eirik er ein smarting som klarer å snakke enkelt om kompliserte ting. Nesten som ein hypnose, hehehe! Han forenklar store kompliserte verk med same sjølvsagtheit som han snakkar om musikk. Det er befriande. I framsyningane hans er teksten, saman med musikken, i sentrum. Og så har han ulike måtar å lage bilde på, nærast musikkvideoar kan ein seie!

Oddgeir Thune og Gjertrud Jynge i Oresteia (2023)
Oddgeir Thune i musikalen Once (2025)
Oddgeir Thune i Utiseta (2022)
Oddgeir Thune i Tid for glede (2022)

Eirik Stubø og Oddgeir Thune arbeidde sist saman da Det Norske Teatret sette opp Orestia, den greske tragedien som tar utgangspunkt i huset Atrevs og forbanninga som kviler over denne slekta. Om ikkje parallellane er glasklåre, så er det igjen ein familiekrønike dei skal bringe til scenen. Samstundes som Juleoratoriet er eit varmt og sårt portrett av ein liten by, tar den utgangspunkt i ein råka familie for å ta for seg dei store spørsmåla og å løfte fram trua på kor vakker kunsten kan vere, men også kor nærast destruktiv kunsten kan virke, når ein sjølv ikkje har det bra. Forteljinga har trass det tidvis såre temaet, også noko leikent ved seg, og tittelen speglar også innhaldet. I likskap med Bachs musikk, har forteljinga nokre symfoniske høgdepunkt.

- Eg digge Bach, eg! Dette kjem til å bli stort. Hovudscenen kjem til å kle det store verket til Bach og den rike og originale generasjonsforteljinga som skal falde seg ut, seier Oddgeir Thune.